Partnere | Kartverket, Havforskningsinstituttet og Norges geologiske undersøkelse |
---|---|
Prosjektet ledes av | Kartverket |
Kartverket, Norges geologiske undersøkelse og Havforskingsinstituttet samlar inn og deler kunnskap og data for ein berekraftig utvikling og forvalting i kystsona. Ved å etablere og forvalte ny kunnskap om den verda som ligg under vassflata, kan Noreg ta ut kysten sitt utviklingspotensial på ein berekraftig måte, til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. For å unngå å utvikle kysten i blinde, er vi avhengige av grunnleggande kunnskap – marine data.
Regjeringa bevilga penger over statsbudsjettet 2020 til eit pilotprosjekt med oppstart i tre område; Stavanger i Rogaland, Ålesund og Giske i Møre og Romsdal, og Kvænangen og Skjervøy i Troms og Finnmark fylke. Prosjektet er ein dugnad der også andre fagmiljø deltar, og kommunar og fylkeskommunar bidreg i finansieringa.
Prosjektet «Marine grunnkart i kystsona» skal bidra til styrking av dei blå næringane, og til utvikling av små og store norske kystsamfunn.
Kartverket, NGU og HI har på lengre sikt ambisjon om å kartlegge heile den norske kystsona, eit område på heile 100.000 kvadratkilometer.
Prosjektteamet i Kartverket, NGU og HI skal levere eit beslutningsgrunnlag til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i oktober 2021 for å kunne vurdere og eventuelt starte opp eit nasjonalt program frå 2023. «Marine grunnkart i kystsona» er også eit av tiltaka i regjeringen sin nasjonale geodatastrategi.
Publisert: 05.11.2020 Oppdatert: 07.12.2022