Gå til hovedinnhold

Foto av tareskog: lange tarestilkar med påvekst av ulike mindre artar.

I mange område langs kysten er det vanleg å treffe på tareskog. Det er også tilfelle på Sunnmøre, der vi har kartlagt botnen på grunna. På biletet ser du tarestilkar som det veks ulike andre artar på.

Fotograf: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet

Slik er havbotnen på Sunnmøre

Først kjem fargerik tareskog, deretter ein bakke med rosa stein og til slutt dukkar blautbotnen opp – alle med kvar sine innbyggjarar og nokon som reiser fram og tilbake.

Dette er fasiten på korleis havbotnen på kysten av Sunnmøre ofte ser ut og kven som lever der.

– Sjølv om blautbotnen ved første augekast kan sjå grå og litt kjedeleg ut, er den ein viktig og vanleg naturtype på Sunnmøre, fortel Barbro Taraldset Haugland.

Ho har oppgåva med å analysere kva dyr som finst på timevis med videoopptak frå dette området, filma i prosjektet Marine grunnkart i kystsona. Sluttresultatet vert kart som viser kva artar ein kan forvente å finne i ulike område, dette er viktig kunnskap ved til dømes oppstart av arbeid som kan påverke botnen.

Nede på den grå mudderbotnen skjuler det seg eit fargerikt dyreliv. Ofte stikk det opp sjøfjær frå botnen – dei samlar mat med dei mange fangarmane som vaiar i straumen.

Plutseleg dukkar det opp ein slimål, den sym fort ut av syne frå kameraet. Men etter kvart som det dukkar opp fleire, blir det klart at også denne arten trivast her.

– Slimålen blir vanlegvis cirka 30 cm. Den et ofte daud eller halvdaud fisk, og likar å liggje nedgraven i mudderet med hovudet opp. Men her har vi sett at den står ein del med hovudet nedi sanden mens den svaiar med halen buktande oppover, fortel Haugland.

– Kanskje den er på veg til å grave seg ned?

Elvar av død tare

I enkelte område kan ho sjå at det ligg store mengder med oppriven stortare bortover botnen, omtrent som ei elv. Dette naturlege fenomenet vert også ofte omtala som ein tarekyrkegard.

Bilde av tarestilkar som ligg samla på havbotnen, måten den ligg på kan minne om ei elv.
Tare som naturleg løsnar frå havbotnen kan ende opp i slike elvar. Når taren kjem ned på djupt vatn blir den truleg viktig næring for andre artar. Den spelar truleg også ei rolle i karbonlagring.

– At tare blir lausriven og frakta til andre plassar er både naturleg og vanleg, men eg har aldri sett eller høyrt om at nokon har sett sånne mengder som her – det er utruleg spanande!

Andre som har sett på dette, har funne ut at tare som hamnar nede på djupet på denne måten sannsynlegvis har ei viktig rolle i økosystemet.

– Taren er full av næringsstoff og blir på denne måten mat til andre artar. Mykje av taren blir også nedgrave i sedimenta, og bidrar dermed til karbonlagring.

Finn trålspor og søppel

På mudderbotnen er det også spor frå menneskeleg aktivitet:

– I enkelte område er det tydeleg at det vert drive fiske med botntrål; trålen lagar godt synlege pløyemerke i den mjuke botnen, fortel Haugland.

Bilete av sandbotn som har merker etter tråling.
Her kan ein tydeleg sjå tydeleg pløyemerke etter tråling. 
Foto: Marine grunnkart i kystsona (henta frå video)

På videoen kan ein mange stadar sjå artane som fiskarane er på jakt etter, både reke og kreps er flittige gjestar i lysstrålen til kameraet.

I tillegg til sjølve trålspora, har forskarane også observert tapte fiskereiskapar på nokre av lokalitetane.

Men det er ikkje berre næringsaktivitet havet er brukt til:

– Vi har observert ein TV, flasker, sko og diverse anna søppel som har hamna nede på djupet.

...og opp igjen på grunna

Etter turen ned på djupet er det på tide å nærme seg fjæra igjen. I området der botnen startar å skråne oppover så forsvinn mudderet. I staden dukkar det opp steinar i ulike storleikar – gjerne dekka av skorpedannande raudalgar.

Bilete av ein stor stein med ulike fastgroande artar.

Slike steinar, fulle av ulike artar som treng noko hardt å vekse på, er forholdsvis vanlege.

Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet

– Det finst mange ulike raudalgar som veks som skorper, og dei som veks her er truleg relativt vanlege, fortel Haugland.

Det er ikkje for kven som helst å skilje dei ulike raudalgane frå kvarandre:

– Artane er så like av utsjånad at det trengst spesiallitteratur og mikroskop for å skilje dei, fortel ho.

– Dei må også «avkalkast» for at vi skal kunne sjå strukturane som skil dei ulike artane. I tillegg kan dei ha veldig varierande måtar å vekse på. Så dei som blir identifisert på video blir nok berre heitande «skorpedannande raudalgar».

Andre stader er tareskogen gjerne bytta ut med ålegrasenger.

– Ålegraseng er ein eigen naturtype. Den er eit leveområde for mange artar, på same måte som tareskogen. Alt frå små amfipodar til krabbar og fisk brukar den som skjulestad og matfat. Kysttorsken bruker den for eksempel som barnehage – den er ein god og viktig gøymestad for dei som trenger å vekse seg litt større før dei vågar seg ut i meir opne område, seier Haugland.

Om prosjektet

Opptaka er gjort som ein del av kartlegginga Marine grunnkart i kystsona. Førebels er dette eit pilotprosjekt, der havbotnen i tre utvalde område er kartlagt i detalj. Det er søkt om vidareføring av prosjektet.

 

Sidepanel

Landskapsbilde som viser hvordan terrenget ser ut både over og under vannflaten.

Landskapet under havoverflata

er like variert som på landjorda.

Gjennom Marine grunnkart i kystsona

kartlegg vi botnen langs kysten.

Frå Søre Vaulen i Fosnavåg, Møre og Romsdal.

Fotograf: Illustrasjon: Kartverket.