Fagleg råd skal levera ein årleg rapport til instituttet og Nærings- og Fiskeridepartementet. Dei hadde si første samling i Austevoll.
Foto: Eric ClementPublisert: 16.06.2017 Oppdatert: 24.11.2017
Det faglege rådet tel ti medlemmer, og er sett saman av verdsleiande ekspertar på akvakultur, fiskeri og andre relevante fagfelt. Rådet skal gje Havforskingsinstituttet råd om utvikling, oppgåver og rammer.
– Dei har raust delt kunnskap og erfaringar med oss. Vi tar med oss gode innspel og ny glød i det vidare arbeidet med strategiplan for Havforskingsinstituttet, seier Sissel Rogne.
Samlinga fann stad i dei rette marine omgjevnadene på Bekkjarvik Gjestgiveri. Det vart også høve til ein snarvisitt innom Forskingsstasjonen Austevoll. Tilbake på Bekkjarvik fekk rådet eit innblikk i instituttet, overvakinga, kartlegginga og dei rådgjevande programma. Leiargruppa og eit knippe programleiarar og faggruppeleiarar tok seg av desse presentasjonane.
Fagleg råd skal levera ein årleg rapport til instituttet og Nærings- og Fiskeridepartementet. Dei hadde si første samling i Austevoll.
Foto: Eric ClementDet er Nærings- og fiskeridepartementet som har utnemd rådet, som skal levera ein årleg rapport til departementet og instituttet.Forutan dei to nordmennene Jarl Giske (UiB) og Nils Christian Stenseth (UiO), kjem rådsmedlemmene frå USA, Nederland, Danmark, Italia, Storbritannia og Tyskland. Danske Poul Degnbol er leiar for rådet.