Publisert: 25.09.2017 Oppdatert: 24.11.2017
– Etter mange års teknologiutvikling og testing i felt er Deep Vision godt tilpassa våre behov. Dette innkjøpet kompletterer utstyret vi alt har tatt i bruk her heime. I tillegg får «Dr. Fridtjof Nansen» også sitt eige Deep Vision-system, fortel forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet (HI).
Deep Vision er resultat av eit fleirårig samarbeid mellom Bergens-verksemda Scantrol Deep Vision og CRISP – senter for miljøvenleg fangst på HI.
Det avanserte kamerasystemet tek bilete av alt som passerer gjennom trålen, og kan nyttast til å artsbestemma og lengdemåla fangsten. Deep Vision registrerer også kvar fisken oppheld seg i vassøyla når han vert fanga. All informasjonen vert vidaresendt digitalt. Teknologien vann miljøprisen på fiskerimessa NorFishing i 2016.
– Med Deep Vision får vi høgare kvalitet på toktdata som går inn i bestandsestimeringane våre. Vi kan verifisera med bilete det vi ser på ekkoloddet. Det kan i sin tur gje sikrare kvoteråd. Dessutan vil denne teknologien på sikt kunne endre prøvetakinga. Det blir behov for mindre fangstar, og vi kan velja ut prøvar meir selektivt ved å opne og lukke trålsekken. Når vi ikkje behøver å ta så mykje fisk om bord, blir tokta våre både meir effektive og meir berekraftige, seier Geir Huse, som nett har signert innkjøpsavtalen med Scantrol.
I norske farvatn kjem HI i første omgang til å bruka Deep Vision på akustiske mengdemålingstokt i Norskehavet.
– Deep Vision er eit godt eksempel på vellukka samarbeid mellom forsking og næringsliv. Det er vel 100 forskingsskip i verda som kan ha nytte av dette utstyret. På sikt kan teknologien også takast i bruk av kommersielle fiskefartøy, seier Geir Huse.