Av forskingssjef Marian Kjellevold og forskingssjef Monica Sanden
Matsikkerheit har dei siste åra fått eit auka fokus globalt. Matsikkerheit betyr at det skal vere trygg og næringsrik mat tilgjengeleg for alle til eikvar tid. I tillegg er det viktig at ernæringssikkerheita er tatt vare på. Det betyr at vi ikkje berre har nok mat, men at vi har mat med dei riktige næringsstoffa. Det er viktig både for ernærings- og matsikkerheit at vi fortset med å overvake nivå av både næringsstoff og uønskte stoff i sjømaten vår, også i framtida.
Nyare data viser at gravide i Norge har mild til moderat jodmangel. Globalt finn ein mangel på mikronæringsstoff som vitamin, mineral og sporstoff samstundes med ikkje-smittsame sjukdomar som overvekt og fedme. Framleis er feilernæring som følgje av for lavt inntak av jod, vitamin A og sink årsak til at mange barn ikkje oppnår sitt fysiske og kognitive potensial, og ernæringsrelaterte faktorar bidreg globalt til omlag 45% av dødsfall for barn under 5 år. Kosttilskot eller tilsetjing av mikronæringsstoff til enkelte matvarer kan vere gode strategiar for å redusere for eksempel mangel på jod eller vitamin A, men vil ikkje kunne medverke til å redusere ikkje-smittsame sjukdomar. Vi meiner at ein kostbasert strategi med auka kunnskap og medvit rund rolla mat frå havet har, er viktig for å kunne oppnå ernæringssikkerheit både nasjonalt og globalt.
Havet er framtida, og i dei rike havområda våre er det ressursar som vi i dag har liten eller ingen kunnskap om. Vi treng meir kunnskap om supermaten frå havet som for eksempel makroalgar, mesopelagiske fiskeartar, sjøpølser, stillehavsøsters, snøkrabbe og manetar, for å sikre at sjømat og ny mat frå havet er sunn og trygg. Kvart år analyserer NIFES sjømat fangsta langs Norskekysten. Torsk, sild, makrell, sei og brosme er artar som er økonomisk viktige for sjømatnasjonen Norge. Vi må ha dokumentasjon på nivå av uønskte stoff som er regulert i lovverket, men vi må også ha dokumentasjon på andre uønskte stoff. som for eksempel mikroplast. I tillegg til aktiviteten vår langs Norskekysten, deltek NIFES for eksempel på tokt med forskingsfartøyet Dr Fridtjof Nansen som akkurat no har aktivitet langs vest-kysten av Afrika. Her kan vår kunnskap hjelpe utviklingsland til å byggje opp si eiga sjømatnæring, og vi kan dele vår kunnskap om forvalting av havromet.
Nok mat betyr altså ikkje nødvendigvis at ein har tilgang på alle dei næringsstoffa kroppen treng, og det betyr heller ikkje nødvendigvis at denne maten er trygg. God dokumentasjon på innhald av både næringsstoff og uønskte stoff, samt kunnskap om kva rolle sjømat har og kan ha for ernæringssikkerheit, er nødvendig for å kunne sikre riktig mat til ei veksande befolkning.
Denne kronikken sto på trykk i Fiskeribladet onsdag 27. september 2017.