Publisert: 29.11.2017 Oppdatert: 06.08.2021
– Surare hav er eit problem for skjel. Når PH-nivået søkk, har desse vanskeleg for å produsere sjølve skalet. Skjel er ein av dei viktigaste oppdrettsartane i verda, seier havforskar Samuel Rastrick ved HI.
Han har besøk av forskarkollega Zengjie Jiang og masterstudent Xiao Jin Wang frå det kinesiske forskingsinstituttet Yellow Sea Fisheries Research Institute. Dei er på Austevoll gjennom prosjektet Environment and aquaculture governance.
Karbondioksid blir absorbert i havet der det blir omdanna til karbonsyre. Det er dette som gjer sjøvatnet surare. Forskarteamet vil finne ut om dyrka tare kan hjelpe oppdrettsskjel.
– I Kina produserer vi to millionar tonn tørka tare kvart år. Dette utgjer 11 prosent av akvakulturproduksjonen i Kina, mens skjel står for 72 prosent, seier Zengjie Jiang.
Kina er dermed den største havbruksnasjonen i verda og står for over halvparten av all maten frå akvakultur. Til samanlikning står Norge for under tre prosent.
Tarefarmar dekker hundrevis av kilometer langs kysten av Kina. Som andre plantar, tar taren opp karbondioksid for å danne sukker i fotosyntese.
– Vi undersøker om tare kan fjerne nok Co2 frå nærmiljøet til å beskytte skjel mot den venta havforsuringa. Skjela dannar samtidig næringsstoff som taren kan gjere nytte av. Det vil dermed vere nyttig å dyrke dei saman i samkultur, seier Zengjie Jiang.
I Kina er samkultur, eller IMTA (integrert multi-trofisk akvakultur) ein utbreidd og gammal praksis. I samkultur brukar ein avfallsstoff eller miljøpåverknad frå éin art til å gjere det gjestmildt for ein annan art. Det er også forsøk på dette i Norge, men straumforhold, store djup og sesongvariasjonar gjer det utfordrande.
– I forsøket ser vi positive effektar så lenge taren har lys. No prøver vi å finne den beste balansen mellom lyset og mengda tare og skjel, fortel Samuel Rastrick.
– Her på Austevoll har vi godt utstyr for å gjere slike grunnleggande eksperiment. I Kina kan vi flytte eksperimenta til storskalaforsøk i sjøen. Samarbeidet er derfor godt for begge partar, avsluttar han.
Samarbeidsprosjektet mellom HI og det kinesiske instituttet haldt nyleg konferanse i Kina. Norske og kinesiske forskarar deltok for å lære meir om forsking og forvalting av akvakultur i dei to landa. Samuel Rastrick og Jiang Zengjie presenterte forsøka dei har gåande på Austevoll og i Kina. (Øyvind Strand er prosjektleiar for samarbeidsprosjektet mellom det norske og kinesiske instituttet.)