Publisert: 08.12.2017 Oppdatert: 18.11.2020
I dag vart det kjent kva prosjekt som får støtte frå Noregs forskingsråds HAVBRUK-program. Havforskingsinstituttet fekk innvilga eit lakse-prosjekt under delprogrammet avl og genetikk. Programstyret behandla 45 søknader, og innvilga fem av dei. Totalt blei det delt ut 100 millionar kroner til nye havbruksprosjekt.
I det komande prosjektet er det genane til ferskvasslaksen som skal under lupa. Frå før har forskarane fylt opp «genbiblioteket» til saltvasslaksen. Framover skjer fleire fasar av lakseproduksjonen, som smoltfasen, i ferskvatn. Då trengs det kunnskap om eigenskapane til ferskvasslaksen.
– Dette er forsking i eit berekraftperspektiv. Vi kjem til å samanlikna ferskvasslaks og saltvasslaks når det gjeld sjukdomsresistens, smoltifisering og omega3-innhald. Vi håper å finna ut meir om kva eigenskapar som framtidas oppdrettslaks bør ha, forklarar Anna Wargelius.