Gå til hovedinnhold

Økosystemtokt nummer 15 startar i dag


Jane Godiksen2, nett

Jane Godiksen skal leie vere toktleiar på havforskingsfartøyet

I dag startar det årlege økosystemet i Barentshavet. For 15. gang skal norske og russiske havforskarar undersøke «alt» i det store havområdet og samle viktige forskingsdata.

Barentshavet går gjennom store endringar. Difor er det viktig for forskarane å samle mest mogleg informasjon i dette fruktbare havområdet. Informasjonen går inn i Havforskinga sin database, og der blir dei sett saman med data frå tidlegare tokt. På den måten får forskarane tidsseriar som fortel om endringane som går føre seg i dei nordlege havområda. Tidlegare har havforskarane påvist at fisken i Barentshavet flytter seg nordover på grunn av klimaendringane, og at Arktis er i ferd med å krympe.

Barentshavet «frå topp til tå»

– I alt er det fire fartøy som deltar under toktet, tre norske og eitt russisk, fortel havforskar Jane Aa. Godiksen. Ho er toktleiar på «Johan Hjort» som går frå Tromsø i ettermiddag.

Dei tre norske fartøya skal dekke den norske økonomiske sona, medan det russiske fartøyet skal undersøke Russlands økonomiske sone i Barentshavet.

– Vi bruker å seie at vi undersøker Barentshavet «frå topp til tå». Det betyr at toktet omfattar alt frå planteplankton til dei største kvalane, vi måler temperaturar og registrerer søppel som flyt i havet. I tillegg har vi eigne fugleobservatørar om bord som artsbestemmer og tel fuglar. På den måten får vi tatt pulsen på den økologiske tilstanden i Barentshavet, seier Godiksen.


Forskingsfartøya skal følge desse kurslinjene under økosystemtoktet i Barentshavet. Linjene viser kor det blir gjennomført akustiske målingar, medan prikkane viser stasjonar kor det blir tatt ulike prøver. Tre norske og eitt russisk fartøy skal dekke heile Barentshavet frå i dag og fram til 4. oktober.

Grunnlag for forvaltningsråd

Ingen andre stader i verda blir det gjennomført økosystemtokt i så stort omfang som i Barentshavet. Toktet varer fram til 4. oktober, og når forskingsfartøya kjem til land har dei samla inn store mengder data.

– Det er ei enorm informasjonsmengde. Den blir viktig når vi havforskarar skal gi råd til forvaltninga om størrelsen på fiskekvotar eller komme med andre råd om korleis ressursane i Barentshavet kan haustast. I tillegg nyttast desse dataa i samband med vitskapeleg publikasjonar, seier Godiksen.

Endringar

Det første norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet gjekk av stabelen i 2004. Dermed er årets tokt det 15. i rekka.

 – I løpet av desse åra har vi sett at mange fiske- og dyreartar har flytta seg nordaustover i Barentshavet. Det har også komme inn artar frå Norskehavet i sør, samstundes som dei arktiske artane i nord er på veg ut av Barentshavet. Vi har også sett ein enorm auke i produksjonen i Barentshavet, avsluttar Godiksen.