Gå til hovedinnhold

Stor variasjon i estimat på mesopelagisk fisk


1

Lysprikkfisk er en typisk mesopelagisk art, som det også finnes rikelig av i våre havområder. Ekkolodd gir grunnlag for estimeringer av de mesopelagiske ressursene, men ekkolodd-dataene må tolkes med omhu, viser en ny studie.    

Berekningane av mesopelagisk fisk i verdshava svingar enormt. Dei mest optimistiske overslaga anslår 10 milliardar tonn. Men det er ikkje nødvendigvis mesopelagisk fisk alt som ser (eller høyres) ut som dét, viser ein ny ekkolodd-studie. 

– Når vi måler med ekkolodd i det mesopelagiske laget får vi eit estimat av den totale biomassen – men kor mykje som faktisk er fisk, kva mengder fisk det er snakk om og kor mykje som er heilt andre organismar er usikkert, seier forskar Nils Olav Handegard frå Havforskingsinstituttet.

Blæra spelar ei rolle

Saman med internasjonale kollegaer har han sett nærare på alt av tilgjengelege akustiske toktdata frå det mesopelagiske laget (sjå faktaboks). Forskarane har utvikla ein modell for den globale mesopelagiske fiskebiomassen basert på ekkolodd. Målet er å identifisera kva faktorar som påverkar biomasse-estimata.

– Vi veit at storleiken på svømmeblæra til fisken – kor mykje gass det er plass til – og såkalla gassberande plankton gjev ein ekkoloddrespons som kan mistolkast. Derfor mata vi modellen med ulike scenario der vi mellom anna varierte talet på fisk som var utstyrt med gassfylt svømmeblære. Vi undersøkte og effekten av symjeblæreresonans. Vanlegvis er auken i ekkoet lik auken i mengde fisk, men når storleiken på symjeblæra er slik at den treff resonansfrekvensen, held ikkje dette lenger. Enkelt forklart vert då ekkoet frå ein fisk mykje sterkare enn det ein skulle forventa i høve til storleiken på fisken, seier Nils Olav Handegard, og fortel at dei ulike modellkøyringane ga svært vekslande resultat.

– Det viser at det er viktig å ta høgde for desse faktorane når vi estimerer biomassen for fisk, seier han.

Treng pålitelege estimat

Dei fleste verdshava har ei mesopelagisk sone (sona utgjer 20 prosent av volumet i havet), men det varierer kor fiskerike dei er. Forskarane har tatt mål av seg å finna dei mesopelagiske hot spotsa, der det kan løna seg å driva fiske. For det er først og fremst fisken som er interessant – ikkje manetene og dei andre tidvis primitive organismane som også samlar seg på desse djupa.

– Vi ser at ekkolodd-estimata for fisk blir langt lågare når vi tek høgde for kva utslag dei andre organismane kan gje; og – ikkje minst – gjev det utslag korleis vi tolkar responsen frå fisken som treff resonansfrekvensen til ekkoloddet, seier Nils Olav Handegard.