Bildesak: Mellom fjøresteinane ligg sniglar, tare og anna snadder som stort sett er urørt av menneskehender. HI-forskaren Arne Duinker har gjort det til sitt livsprosjekt å lære opp nordmenn til å nytte maten vi finn i fjøra.
Publisert: 23.03.2018
Forfatter: Torhild Dahl, foto: Erlend A. Lorentzen
– Sju av ti synes sniglar er godt når dei faktisk får smakt det, og ti av ti synes tare er snadder!
Det hevdar forskar Arne Duinker. Han skulle vite det, for delar av arbeidstida brukar han på å koke strandsniglar og frityrsteike algar for alt frå barnehagepedagogar og kokkar til marinejegerar. Duinker jobbar for at nordmenn skal få auga opp for all maten som veks i strandkanten og som dei færraste av oss veit korleis vi skal hauste eller lage til.
Denne gongen har han tjue lærarstudentar frå Høgskulen på Vestlandet med seg ut i fjøra på Askøy.