Publisert: 05.11.2018 Oppdatert: 04.07.2019
– Rådet er i samsvar med målsettinga om maksimalt langtidsutbytte. Det er også teke føre-var-omsyn, fordi fangstar tilsvarande maksimalt langtidsutbytte ville innebere ei veldig stor auke samanlikna med historiske fangstar, seier havforskar Harald Gjøsæter. Han er norsk medlem i ICES sin rådgjevingskomité (ACOM). Det er femte år på rad at ICES tilrår rekefangstar på inntil 70.000 tonn.
Rekebestanden i Barentshavet er berekraftig, og havforskarane sine estimat viser at den held seg over nivået som gir maksimalt langtidsutbytte.
– Dei siste åra har fiskeflåten tatt mykje mindre enn det som er tilrådd, fortel Gjøsæter.
Dei siste ti åra har det årleg vore fiska omtrent 30.000 tonn reker i Barentshavet. I 2017 tok norske og russiske fartøy vel 10.000 tonn reker, medan fartøy frå EU, Færøyane og Grønland til saman fiska bortimot 20.000 tonn. Rekefisket i Barentshavet har variert mykje opp gjennom åra. Høgdepunktet var i perioden 1983–85. Då blei det tatt meir enn 100.000 tonn reker kvart av desse tre åra.
– I år har det vore fiska meir reker enn på fleire år, og det samla kvantumet for 2018 ser ut til å bli på rundt 45.000 tonn, avsluttar Gjøsæter.