Gå til hovedinnhold

Fiskeri-sonar: Vanskeleg å bruke til bestandsestimering


Foto SARS erlend

Det kan vere vanskeleg å bruke fleirstråla fiskeri-sonar til bestandsrekning på forskingstokt. Her er G.O.Sars i aksjon i Barentshavet. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI

HI har over lengre tid undersøkt om fleirstråla fiskeri-sonar kan brukast på forskingstokt på våre bestandar. I ein ny artikkel peikar forskarane på kva som gjer dette vanskeleg. 

Fleirstråla fiskeri-sonar har fleire fordeler. Det er eit viktig leiteverktøy for fiskarar som nyttar dette instrumentet til å vurdera storleiken av stimar. 

Sonaren har eit stort dekningsområde, er lett tilgjengeleg – og kan gje informasjon om stimstruktur og vandring. Dette er òg informasjon som er av interesse for forskarar.

Dokumenterte moglege feil 

Forskarane har ynskt å bruke sonar fordi det finst enkelte problem med å bruke ekkolodd, som at ein får ei blindsone nær overflata. Eit anna døme er at ein veit at fisk kan vike unna fartøy, og sidan ekkolodda berre har ein smal stråle under båten, vil ekkoloddestimata vera sårbar for slik åtferd.

Men forskarane har no dokumentert problem med å skulle bruke fleirstråla fiskeri-sonar som eit verktøy i mengdemåling.

I ein ny vitskapleg artikkel, publisert i fagtidsskriftet Journal of Acoustic Society of America, har HI-forskarane Sindre Vatnehol og Nils Olav Handegard gått nærare inn på ei av problemstillingane, nemleg fiskens vertikale fordeling i vassøyla. I løpet av kort tid blir den vitskaplege artikkelen fritt tilgjengeleg. 

Vertikal fordeling – mogleg feilkjelde 

Saman med fangstdata frå fiskeria, legg data frå forskingstokt grunnlaget for ein modell som bereknar kor mykje fisk det er i ein bestand – og kor mange fiskar det er av kvar årsklasse. 

Dette gir igjen eit råd om kor mykje ein maksimalt kan fiske frå år til år, utan at det går utover bestanden på lang sikt. 

Les også: Slik blir eit kvoteråd til 

– Ein føresetnad når vi reknar ut kor mykje fisk det er i eit område, er at det er like mykje fisk fordelt over heile strålen i dei ulike avstandane frå skipet, forklarar Sindre Vatnehol. 

– Det får vi til med ekkolodd, for då målar vi rett ned. Fisken fordeler seg jamt horisontalt i vassøyla, enten som slør eller som stimar, og då treff dei også jamt i ekkolodd-strålen, seier Vatnehol. 

– Med sonar målar vi derimot til sides. Vertikalt i vassøyla er ikkje fisken like jamt fordelt – nokre gongar står fisken høgt, andre gongar lågt. Dermed er det mogleg at fisken berre er i delar av strålen, til dømes i den eine halvdelen . 

– Dette kan føre til betydeleg feil fordi føresetnaden om fiskens fordeling er då feil.  

Andre problemstillingar 

HI har dei siste åra brukt store ressursar og mykje tid på å undersøke korleis sonar kan nyttast inn i bestandforskinga, til dømes gjennom prosjekta REDUS og CRISP. Men det har vist seg vanskeleg. 

Vertikal stråling er ikkje det einaste problemet som har blitt dokumentert. 

– Vi ser også at fiskens symjeretning blir avgjerande når ein skal forsøke å kvantifisere mengda fisk i sonarstrålen. Det blir forskjellig resultat alt etter kor vi treff fisken – om vi strålar fisken på tvers, bak- eller framifrå. 

– Dessutan er sjølvsagt artskategorisering avgjerande for oss når vi skal hente ut data, som igjen skal føre fram til ei bestandsberekning. Det får vi i dag ikkje til med sonar aleine. På ekkolodd nyttar vi den relative ekkostyrken av fisk på ulike signalfrekvensar i artskategorisering, og sidan sonar berre har ein signalfrekvens så har me ikkje tilstrekkeleg informasjon. 

Alternativ for framtida 

I dag nyttar ein ei rekke reiskap og metodar på tokt for å samle inn data – frå nemnte ekkolodd, til trål og egghåv. 

Forskarane ser også på andre typar utstyr for framtida. 

– For eksempel er drone eit verktøy vi ser nærare på om kan fungere godt for oss, avsluttar Vatnehol.