Gå til hovedinnhold

Gleder seg over løyving til forskingstokt i Antarktis


HI 038184

Havforskingsdirektør Sissel Rogne er glad for at regjeringa foreslår å løyve pengar til forskingstokt i Antarktis.

Havforskingsdirektør Sissel Rogne seier det er «fabelaktig gledeleg» at regjeringa foreslår å løyve 37,5 millionar kroner til eit forskingstokt i Antarktis. Ho er også nøgd med at eit prosjekt om havets helse også får eit betydeleg beløp.

Nærings- og fiskeridepartementet skriv i ei pressemelding at toktet skal styrke kunnskapen om krillen si rolle i økosystema i Antarktis og dermed auke kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av krill.

Skal bruke «Kronprins Haakon».

Toktet skal gjennomførast med det nye isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon», og Rogne er glad for at regjeringa satsar på aktiv bruk av fartøyet.

– No får vi vist kva som er mogleg å gjere med båten. Vi får også auka kunnskap om økosystema i desse viktige havområda – i tillegg til det vi får vite om krillen, seier Rogne.

Toktet er den første store kartlegginga av krill sidan 2000, og planlegginga er godt i gang. «Kronprins Haakon» seglar etter planen mot Antarktis mot slutten av 2018.  
Havforskingsinstituttet skal planlegge og gjennomføre toktet i samarbeid med Norsk Polarinstitutt.

30 millionar til havets helse

Regjeringa foreslår også løyve 30 millionar kroner til eit prosjekt som skal skaffe meir kunnskap om havets helse. Havforskingsinstituttet er blant dei som skal bidra til prosjeket.

– Dette er ei viktig oppgåve, og vi skal vere heilt i front, seier Rogne.

– Mellom anna skal vi ta i bruk såkalla «miljø-DNA», noko som er heilt nytt, fortel ho.

Raskare og betre

Nærings- og fiskeridepartementet skriv i ei pressemelding at satsinga skal gi raskare og betre informasjon om endringar i det marine miljøet som følgje av forureining og anna påverknad, med vekt på kystmiljøet. Det skal også gje større informasjon om smitte og smitterisiko knytt til havbruk, om samspelet mellom bestandane i havet og effekten av nano- og mikroplast på marine ressursar.