Publisert: 03.10.2018
Teflubenzuron er eit stoff oppdrettslaks kan få tilsett i fôret for å bli kvitt lakselus. Havforskingsinstituttet finn restar av stoffet på havbotnen rundt oppdrettsanlegg, og undersøker derfor korleis teflubenzuron påverkar andre krepsdyr, som hummar.
– Når hummaren får teflubenzuron i maten over tid, ser vi at han blir stiv i ledd og antenner etter skalskifte. Han ser ut som han får ein slags leddgikt og problem med å ta seg fram i terrenget, seier havforskar Ann-Lisbeth Agnalt.
I eit nytt forsøk plasserte forskarane hummaryngel i eit avlangt kar med skjul på motsett side. Dei tok tida humrane brukte frå startpunktet til dei fann skjulet og gjekk inn. 19 humrar fekk fôr med teflubenzuron inntil to veker før forsøket, og 19 gjekk på normal diett (kontrollgruppe).
I første gjennomføring, brukte kontrollgruppa i snitt litt over fem minutt på å søke tilflukt. Lusemiddel-humrane brukte over 18 minutt. To fann aldri fram.
– Kontrollhumrane brukar antennene til å føle seg fram langs veggen. Dei utforskar heile rommet, finn skjulet og går rett inn i det, fortel Alessandro Cresci, hovudforfattar bak den nye studien.
– Men humrane på lusemiddel-diett brukte ikkje antennene aktivt på same måte. Dei gjekk fram med små steg, før dei stadig snudde og gjekk tilbake til start. Dei strevde med å identifisere skjulet, og gjekk inn og ut av det før dei slo seg til ro.
Alle humrane gjorde det raskare når dei måtte gjenta øvinga, men sjølv på tredje forsøk var det signifikant forskjell mellom dei to gruppene.
Nedsett evne til å finne skjul, kan påverke overlevinga til humrane fordi dei blir meir utsett for rovdyr.
I forsøket fekk hummarynglane teflubenzuron over åtte veker i konsentrasjonar som er funne i naturen.
– Laksen blir behandla over sju dagar, men gjennom lakseskit og spillfôr på havbotnen vil hummar og andre dyr kunne få i seg teflubenzuron lenge etter behandlinga. Teflubenzuron er funne i havbotnen 1100 meter frå oppdrettsanlegg, seier Ann-Lisbeth Agnalt.
Forskarane kan likevel ikkje slå fast om åtferda til humrane ville vore den same i naturen. Hummaryngel er nemleg noko forskarane rett og slett ikkje finn i naturen.
– Vi veit ikkje kor dei er og korleis dei lever. Forsøksdyra er dermed såkalla naive dyr. Vi har klekka dei, og kan ikkje seie sikkert at dei oppfører seg likt vill hummaryngel. Men effekten av teflubenzuron i kroppen deira må vi anta er den same.
Forsøket er del av ei større forsking på effekten av teflubenzuron på europeisk hummar. Fleire hummar døydde under eksponeringa av teflubenzuron. Dei 19 som deltok i dette eksperimentet, var dei som overlevde og såg fysisk upåverka ut. Forskarane har altså målt såkalla «subletale effektar», dei som ikkje er dødelege.
– Vi har ein del forsking på kva som er dødeleg for hummar, men lite på kva hummaren som overlever kan vente seg. Dette er viktige funn som støtter opp under dei nye begrensningane for bruken av teflubenzuron, seier Agnalt. (Sjå faktaboks.)
Havforskingsinstituttet aukar forskingsinnsatsen på effektar av lusemiddel i naturen. Les også: Hva vet vi om hydrogenperoksid?
Cresci, A., Samuelsen, O. B., Durif, C. M., Bjelland, R. M., Skiftesvik, A. B., Browman, H. I., & Agnalt, A. L. (2018). Exposure to teflubenzuron negatively impacts exploratory behavior, learning and activity of juvenile European lobster (Homarus gammarus). Ecotoxicology and environmental safety, 160, 216-221. https://doi.org/10.1016/j.ecoenv.2018.05.021