Gå til hovedinnhold

Feirar 40 års havforsking i Austevoll


IMG 2185

Smilla Solbakken Ringdal er med klassa si på open dag på Austevoll forskingsstasjon.

Fotograf: Torhild Dahl

-Eg har aldri sett så stor kveite før, -det var det kulaste eg har sett. Eg trur eg skal jobbe her når eg blir stor. Det seier Smilla Solbakken Ringdal på open dag på 40-års jubileet på Austevoll forskingsstasjon.

Margareth Møgster har ingen planar om å vere med på festmiddagen der dei serverer kveite i kveld. Havforskingsteknikaren har eit nært forhold til kvar og ei kveite på stasjonen, og kunne ikkje tenkje seg å ete dei. Ho skal feire med champagnebrus og alarmtelefon på vakt i staden.

Kasper Møgster Jørgensen frå Kolbeinsvik Montessori skule får kontakt med laks i eitt av dei store kara inne på stasjonen.

-Eg går på naturbrukfag på vidaregåande, og kan tenkje meg å jobbe på anlegg, seier Marcus Fjelland Håvik medan han studerer algar.

-Rognkjeksen er "close to my heart", seier Nina Elise Frogg. Marinbiologen var ein av dei mange som besøkte forskingsstasjonen, og ho skreiv oppgåva si om nettopp rognkjeks.


-Utviklinga har vore heilt enorm er ute. Då eg kom hit første gong på midten av 80- talet hadde vi akkurat fått fram dei to første «kveitebabyane». Vi kalla dei for Hallstein og Viggo Jan, og dei var slik ein attraksjon at vi viste dei fram på messer rundt om kring. No har vi kontroll på heile syklusen frå egg, klekking og yngelproduksjon til oppforing av ny stamfisk av både torsk, kveite, berggylte og rognkjeks. Eg er skikkeleg stolt, seier stasjonssjef Kjetil Stensland.