Gå til hovedinnhold

Får millionstøtte til å undersøke effektar av seismikk på dyreplankton


kvinne i kjeledress i båt holder en avlang ting mot kamera

HI-forskar Karen de Jong gjer klart hydrofonen Lucy, på tokt i Austevoll. Målet var å lytte etter torsk på gytefelt. Arkivfoto: Erlend A. Lorentzen/HI 

HI-forskarane vil finne ut korleis dyreplankton blir påverka av seismikkskyting. Noregs forskingsråd gir over 11 millionar kroner til prosjektet. 

Seismikk er kraftige, lågfrekvente lydbølgjer som blir skutt ut ved at mange luftkanoner blir avfyrt samtidig.

Ved å analysere ekkoet av denne lyden, kan geologane få eit bilete av korleis havbotnen er sett saman, og om det er olje- og gassførekomstar i området.

HI forskar på korleis seismikk påverkar livet i havet. 

No har forskarane fått pengar til å finne ut meir om korleis ulike typar dyreplankton reagerer. 

Skal sikra betre rådgiving 

– I 2017 kom det en vitenskapelig artikkel i Nature som viste at plankton blir drept av seismikkskyting på avstander på opptil en kilometer, sier HI-forsker Karen de Jong. – Samtidig viste nylig en annen artikkel, basert på forsøk her på HI, at  seismikk ikkje skada raudåte noko særleg.

Ulike resultat gjer at forskarane no ynskjer å finne ut meir. 

– Pengane frå Noregs forskingsråd gir oss høve til å finne ut kva som eigentleg fører til auka dødelegheit hjå ulike typar dyreplankton, og kor nært planktonet må vere for å bli skada, fortel de Jong. 

– Vi skal gjennom dette prosjektet forbetra kunnskapsgrunnlaget for rådgjevinga vår på seismikk i Noreg. 

ZoopSeis er eit samarbeidsprosjekt mellom HI, Bigelow Laboratory for Ocean Science (USA), UiO, UiB og NTNU.