Gå til hovedinnhold

Denne parasitten gjer fiskekjøtt om til flytande masse


kudoafilet

Makrellfiletane er hardt ramma av Kudoa thyrsites og flytande kjøtt.

Fotograf: Arne Levsen / Havforskningsinstituttet

Når vertane døyr, begynner dei mikroskopiske Kudoa-sporane å bryte ned fiskekjøttet. Resultatet kan du drikke med sugerøyr.

– Kudoa er ikkje farleg for menneske, eller for så vidt fisk mens han lever. Parasitten kan derimot vere ein trugsel for omdømmet til fisk og omsetting, fortel parasittolog Lucilla Giulietti.

Kudoa thyrsites er mikroskopiske myxosporidiar. Dei er bitte små sporar, tremenningane til nesledyr som maneter, korallar og sjøanemonar.

Fin til han ligg på skjerebrettet

Sporane trenger inn i muskelvevet til fisk på måtar vitskapen ikkje kjenner til endå. Der ligg dei i dvale til fisken døyr. Post-mortem begynner Kudoa-parasitten å produsere enzym som «fordøyer» fiskekjøttet. Etter 24-36 timar er det omgjort til flytande masse, ein slimete fiskegraut.

– Utfordringa er at fisken ser heilt fin ut rett etter fangst. Han kan til og med rekke å nå fiskedisken og ein kunde før flytande-kjøtt-syndromet inntreff, fortel Giulietti. 

Kunden vil i tilfellet få seg ei lite appetitteleg oppleving.

– I Peru ser dette ut til å gjelde så mykje som rundt halvparten av all lysing, ein vanleg fisk. Der trur mange at det er sånn fisk blir etter nokre timar, forklarar ho.

Kan gjelde fleire tonn villfisk

I prøver av norske makrellfangstar gjennom 15 år finn havforskarane Kudoa-parasitten i opptil éin prosent av fiskane, eller éin av hundre.

– Kudoa er ein verdsomspennande parasitt som er kjent frå mange fiskeartar. Vi har sett det mest hos pelagisk fisk her i Norge, som makrell. Men så er det også der vi har leita mest, seier Giulietti.

Etter initiativ frå fiskerinæringa er Havforskingsinstituttet med om bord på fleire fisketurar i året med kommersielle fiskebåtar for å leite etter mikrobar og parasittar i makrellfangstar.

Havforskarane har også undersøkt fisk på fiskemottak. Ved å klemme på 3000 fisk, fann dei kudoa i 0,33 prosent. (Foto: Paolo Cipriani / Havforskningsinstituttet)

Blitt verken meir eller mindre

Mens andre parasittar nyter godt av klimaendringar og breier om seg i varmare vatn, har forskarane heldigvis ikkje registrert meir Kudoa i løpet av dei same 15 åra. Førekomsten har vore stabil.

– Men i 2002 var det store utbrot av ein type Kudoa i canadisk oppdrettslaks, med tilsvarande store økonomiske tap. Parasitten ser ut til å vere av same art som den vi finner i norsk makrell. På Island er det beskrive ein kudoa-art i rognkjeks som er reinsefisk i oppdrettsanlegg, fortel havforskar Giulietti.

– Flytande laksekjøtt er noko norsk laksenæring nødig ønsker å oppleve, og endå ein grunn til kartlegge denne parasitten, som vi i dag veit veldig lite om.

Graut er enkelt måltid?

Italienske Lucilla Giuletti er tilsett nettopp for å skrive doktorgrad om artsmangfaldet, smittesyklus, livet og utbreiinga til Kudoa. Over dei kommande åra skal ho saumfare sediment frå havbotnen for mikroskopiske sporar, gjere genetiske analyser og smitteforsøk med fisk. Ho begynner med blanke ark.

– Eitt av mange spørsmål vi har, er kva nytte Kudoa skulle ha i å gjere fiskekjøtt om til flytande masse. Ingenting er tilfeldig i evolusjon. Slike mekanismar er gjerne nedarva fordi dei hjelper parasitten å spreie seg vidare. I dette tilfellet kan det for eksempel vere for at fisken blir enklare å fordøye for andre vertar dersom han smitter gjennom mat.

Kudoa Thyrsites har øydelagt kjøttet i ein dolkfisk frå Middelhavet. (Foto: Paolo Cipriani / Havforskningsinstituttet)