Publisert: 11.11.2019
– Viss vi antar at 20 høgdemeter av det vi ser på videoane er korallar, betyr det at revet er minst 4000 år gammalt, anslår havforskar Tina Kutti.
Det nyfunne Bukkarevet ligg på terskelen til Hardangerfjorden, ved Bukkaskjeret. Det strekker seg fleire hundre meter i kvar retning, akkurat innafor grensene til Miljødirektoratet sitt foreslåtte Ytre Hardangerfjorden verneområde (sjå faktaboks).
Forskarane har lenge hatt mistanke om Bukkarevet etter sporadiske korallfunn i området. Både Kutti og andre har leita etter det før. Men i tussmørket på 150 meters djup ser kameraet berre nokre meter framfor seg. Det er med andre ord som med nåla i høystakken.
– Det var utruleg kjekt å endeleg få bekrefta at revet faktisk finst. Og det med eit kamera som eg stod på dekk og heldt i, seier Kutti.
Forskarane var på tokt for å lage ein «manual» for korleis oppdrettarar bør undersøke havbotnen før dei ber om å få plassere nye oppdrettsanlegg.
Botnen rett under anlegg, blir påverka av nedfallen skit og fôr frå merdane. Havforskarane vil generelt rå mot å plassere anlegg for nære korallar.
– Funnet viser kor viktig det er å kartlegge unik natur på havbotnen. Vi har hatt fleire tokt i området, men ikkje sett dette revet før, seier Kutti.
Til havs samarbeider HI med Norges Geologiske Undersøking om systematisk havbotnkartlegging (Mareano-programmet). Havbotnen langs kysten er lite kartlagt.
Når forskarane har analysert videomaterialet ferdig, vil dei legge funnet inn på Fiskeridirektoratet sitt sjøkart Yggdrasil. Det finn du her: https://yggdrasil.fiskeridir.no/