Publisert: 03.10.2019 Oppdatert: 28.07.2021
Etter at det i 2017 blei obligatorisk å registrere seg dersom du vil fiske hummar, har forskarane blitt i stand til å berekne fangst og innsats i hummarfisket. Resultatet har dei publisert i ein ny rapport som tar føre seg dei to siste sesongane.
Ifølge anslaget fanga 20.916 fritidsfiskarar 11 hummar kvar i fjor, mens 1.438 yrkesfiskarar fanga 66 hummar kvar.
(Interessert i hummar? Sjå også Hummerteina live)
– I 2018 var det betydeleg færre registrerte fiskarar enn i 2017. Det kan skuldast at nokon trudde det var nok å melde seg på éin gong. I tillegg har vi ikkje tatt med dei som melde seg på etter sesongstart 1. oktober, seier havforskar Alf Ring Kleiven.
Kleiven kan ikkje seie kor stor del fangsten utgjer av hummarbestanden.
– Vi har ingen gode metodar for å berekne kor mykje hummar det er langs kysten. Men vi registrerer historisk lite hummar i teinene, seier han.
Frå før har forskarane nemleg ein tidsserie på 90 år med fangsstal frå eit utval yrkesfiskarar – hummar per teine per døgn. Dei kan bruke fangstala til å sjå trenden i bestanden.
– Mens ein fiskar måtte trekke fem teiner for å få éin hummar på 50-talet, må han i dag trekke 12. Dette trass i at moderne teiner fiskar betre, forklarar Alf Ring Kleiven.
Det er dermed den auka innsatsen som gjer innhogg i hummarbestanden.
– Det er vanskeleg å gjenoppbygge bestanden når det ikkje er noko tak på kor mange som kan delta i fisket. Ryktet om gode fangstar blir bokstaveleg talt spist opp fordi fleire då vil fiske, seier han.
I 2016 gav HI eit råd til myndigheitene om å redusere fisketrykket. Men då var det ingen tal på nettopp kor mange som fiska eller kor mykje dei fanga.
– No har vi eit utgangspunkt å bygge vidare på, seier han.