Gå til hovedinnhold

Sildelarvar svømmer mot sola


herr 4

Sildelarvene er lange og strømlinjeforma, 10-15 mm store.

Fotograf: Alessandro Cresci / Havforskningsinstituttet

I motsetnad til ål og hyse, navigerer ikkje silda med magnetisme, men med lys, viser ny forsking.

Ved å simulere jorda sine magnetfelt i ein spesialtank, har forskarane tidlegare vist at hyselarvar ikkje berre haikar med straumen. Dei svømmer nordvest ved hjelp av eit innebygd kompass.

No har dei også testa silda sin retningssans.

– Når vi manipulerer himmelretningane i magnettanken, svømmer sildelarvane på måfå. Dei viser ikkje teikn til å ha noko innebygd kompass, forklarer havforskar Alessandro Cresci. Sjå faktaboksen om MagLab.

Svømmer sørover i sjøen

– Men når vi plasserer sildelarvane i eit gjennomsiktig kammer som driver fritt i sjøen, er situasjonen ein annan. Dei svømmer sør mot sola, fortset han.

På solrike dagar svømte gjennomsnittssilda sørover, mot gjennomsnittsvinkelen til sola.

På overskya dagar, heldt dei ein mindre presis kurs søraust. Resultata er publiserte i ein artikkel i Journal of Experimental Marine Biology and Ecology.

Sørleg sild vil unngå kyststraumen, nordleg sild vil inn i den

– Larvane i eksperimentet stammar frå sild som er samla inn utanfor Bergen. Silda i Sør-Norge gjer ikkje store vandringar, som silda i nord. Trangen til å svømme søraustover, kan vere til for å motverke at kyststraumen tar dei med seg vekk frå fødestaden, forklarar Cresci.

Silda i nord gyter i bakevjene mellom kyststraumen sine to «filar». Forskarane spekulerer i om den same mekanismen kan hjelpe nordleg sild med å hoppe på kyststraumen.

– Den kystnære fila er raskast og vil kunne gi sildelarvane eit godt avspark når dei skal starte beitevandringa si nordover.

Straumane er sterkast

Larvane svømmer langt treigare enn havstraumane. Kyststraumen flyter med 10-16 centimeter i sekundet. Larvane svømte i snitt 0.36–0.40 centimeter i sekundet. Dei vil med andre ord vere i havets vald for det meste.

– Men om dei svømmer skrått motstraums, vil larvane likevel kunne påverke kor dei til slutt ender opp. Dette er vist tidlegare for torskelarvar, som svømmer seinare enn sildelarvane våre, seier Cresci.

– Vi ønsker å forske meir på årsakene og følgene av den søraustlege svømmeretninga, avsluttar han.

Referanse

Cresci, Alessandro, Bridie J. M. Allan, Steven D. Shema, Anne Berit Skiftesvik, and Howard I. Browman. "Orientation behavior and swimming speed of Atlantic herring larvae (Clupea harengus) in situ and in laboratory exposures to rotated artificial magnetic fields." Journal of Experimental Marine Biology and Ecology 526 (2020): 151358.
LENKE: https://doi.org/10.1016/j.jembe.2020.151358