Publisert: 07.04.2020
— Det viktigaste er å unngå at mannskap og toktdeltakarar vert sjuke. Vi har innført strenge smitteverntiltak før toktet, til dømes må alle gjennomføre ei karantenetid heime på to veker, fortel Frithjof Moy som er ein av dei som planlegg gjennomføring av årets første Mareano-tokt med "G.O. Sars" for å kartlegge geologi, biologi og kjemi.
På dette toktet er det havbotnen utanfor Midt-Noreg som skal undersøkast, men fyrst må alle som skal arbeide komme seg friske om bord utan å bryte reglane om å ikkje bruke fly og offentleg transport. Det er utfordrande:
— Vi kjem til å plukke opp toktdeltakarane slik at vi ikkje risikera at dei blir utsett for smitte på vegen: først i Tromsø, deretter i Bergen og til slutt i Trondheim før vi set kursen vest i havet i løpet av påska.
Planen er å gjennomføre så mange av dei planlagde stasjonane som mogleg:
— Vi håpar at flest mogleg stasjonar kan gjennomførast, men toktdeltakarane må overhalde avstandsreglar og hygienereglar i samband med smitteførebyggjande tiltak om bord. Det kan til dømes føre til at kvar prøvetaking tek lenger tid enn vanleg, men vi har laga ein plan for sikker gjennomføring som varetek både helse, miljø og vitskapeleg kvalitet, seier Moy.
Det er ikkje berre geologi, biologi og kjemi som vert kartlagt gjennom Mareano. Før ein kan starte den delen av kartlegginga, må forskarane ha detaljerte kart over havbotnen. Derfor vert det gjennomført eigne tokt for å kartlegge havdjupet i områda som seinare skal studerast nærare.
— Djupna vert kartlagt med multistråleekkolodd som gir oss eit godt bilete av korleis det marine landskapet på havbotnen ser ut. Desse karta brukar vi til å plukke ut kva område som så bør studerast i detalj for å få det beste inntrykket av både kva botnen består av og kva dyr som held til der, seier Moy.
Når tokta er ferdige, tar forskarane og teknikarane med seg alle prøvane tilbake til laboratoria på land. Her vert dei undersøkt i detalj, og resultata vert publiserte i databasar og som ulike kart.
— Både opparbeiding av prøvar og ein del leveransar skjer fortløpande. Døme på slike leveransar er observert artsmangfald og søppel på havbotnen. Å lage habitat- og biotopkart er ein større prosess og disse vert levert områdevis. Neste store leveranse til forvaltningsplanarbeidet blir i 2022, seier Moy.
I aktivitetsplanen kan du lese meir om kva arbeid som blir gjort i Mareano i år. Planen vil truleg bli oppdatert som følgje av endringar på grunn av korona-viruset.