Gå til hovedinnhold

Har igjen undersøkt oppdrettsfisk for uønskte stoff


HI 048442

Prøvane kjem inn til HI i stykke før dei blir homogeniserte, tørka og malt til pulver. Deretter gjer forskarane ei rekke analyser.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Forskarane fann ingen overskridingar av EU sine grenseverdiar.

I 2019 undersøkte forskarane prøver frå 13 725 oppdrettsfiskar for uønskte stoff, på vegner av Mattilsynet. Desse skal vere representative for norsk oppdrettsfisk som heilskap.

Resultata er no publiserte i ein ny rapport.

Føresetnad frå EU

Størsteparten av fisken var laks, men forskarane sjekka også regnbogeaure, kveite, piggvar og røye.

Undersøkinga er i hovudsak eit krav frå EU. 

– Resultata er i tråd med føregåande år. Ulovlege stoff, som veksthormon eller ulovlege legemiddel, fann vi ingen spor av, seier forskar Annette Bernhard.

Ingen ulovlege stoff, litt lusemiddel under grensa

– Når det gjeld lovlege legemiddel, fann vi restar av lusemiddel i fem samleprøvar. Nivåa var godt under EU sin grenseverdi for kva som er trygt å ete, fortset ho.

Det var ingen restar av antibiotika eller andre legemiddel i fisken.

Av miljøgifter, som kvikksølv, kadmium og dioksin, fann forskarane heller ingen stoff over EU sine grenseverdiar.

Finn alle verdiane på nett

HI har også målt nivåa av fleire stoff som ikkje har definerte grenseverdiar i fisk: Det er blant anna ulike typar sprøytemiddel, metall, bromerte flammehemmarar og antioksidanten ethoxyquin. 

Sjå alle verdiane per stoff og fisk i rapporten eller i vår portal Sjømatdata.

Referanse

Annette Bernhard, Ole Jakob Nøstbakken, Livar Frøyland, Lise Madsen og Rita Hannisdal. "Monitoring program for pharmaceuticals, illegal substances, and contaminants in farmed fish-Annual report for 2019." Rapport fra Havforskningen (2019). Gå til nettrapport.