Publisert: 10.02.2020 Oppdatert: 13.02.2020
Klappmyss og grønlandssel er begge isavhengige selar. Ungane deira blir fødde på isen og må die der i dagevis til dei er sjødyktige. På isen skiftar dei vaksne selane pels og kvilar mellom svømmeturar.
Iskanten i Vesterisen er no i snitt 270-370 kilometer nærmare land enn før. Det betyr trøbbel for grønlandssel og klappmyss som skal yngle.
– Historisk yngla selane på iskanten langt uti i Atlanterhavet, men no hamnar dei ved kysten av Grønland, midt i jaktmarkene til isbjørnen. Den et no langt meir av desse selartane enn tidlegare, forklarer sjøpattedyrforskar Tore Haug.
Samtidig er drivisen mindre tett.
– Det betyr fritt leide for spekkhoggarar, som kjem tett på dei nyfødde eller kvilande selane. Her er det berre å forsyne seg, seier forskaren.
Klappmyss har vore freda sidan 2007. Bestanden er truleg under ti prosent av kva den var i 1946, no berekna til om lag 76.000 dyr i Vesterisen.
Forskarane trudde ein stopp i fangstingen ville gi meir sel.
– Vi ser ingen teikn til betring. Klappmyssen har ikkje greidd å hente seg inn igjen. Ungeproduksjonen held seg låg, seier Tore Haug.
Forskaren trur endringane i isen er del av forklaringa.
– Selane lever lenge og toler eit og anna dårleg år. Men når dette er regelen heller enn unntaket, vil det truleg påverke bestandane på sikt, seier han.
Dersom selane finn is i dei tradisjonelle yngleområda sine, ser det ut til at dei ynglar der sjølv om isen har dårleg kvalitet. Då kan dette skje:
Grønlandsselbestanden er berekna til om lag 430.000 dyr i Vesterisen etter siste teljing i 2018. Dette er ein reduksjon på rundt 35 prosent sidan førre teljing i 2012.
Grønlandsselen reknar forskarane det som forsvarleg å fangste, enn så lenge.
For å kunne gjere slike anslag, må forskarane dra ut i fly eller helikopter og telje selungar på isen i yngleperioden. Førre teljing var i 2018 og neste er planlagt i 2022.
– Teljinga er framskynda med eit år nettopp fordi vi er uroa for utviklinga, seier Haug.