Gå til hovedinnhold

Klimaknipe for nøkkelart i nord


Boreogadus saida polartorsk

Polartorsken trivst best med is rundt seg. Når havisen forsvinn frå området der han gyter og lever, er det difor dårleg nytt.

Fotograf: Erling Svensen

Polartorsken slit med rekrutteringa på grunn av varmare hav og mindre isdekke i Barentshavet. Det er hovudkonklusjonen i ein prislønt forskingsartikkel signert fire HI-forskarar.

Polartorsk, ein spinklare fetter av den meir kjende nordaustarktiske torsken, er ein nøkkelart i økosystemet i Barentshavet. Han gyt under dekke av havisen, og veks seg stor på ein diett beståande av dyreplankton før han sjølv blir mat for både fisk, sjøfugl, sel og kval.

Når denne unnselege fisken ikkje får formeira seg på grunn av mindre havis om vinteren – samstundes som færre larvar veks opp på grunn av varmare vatn om sommaren – er det difor dårleg nytt for mange andre enn polartorsken sjølv.

– Dessverre viser framskrivingar av klimascenario eit varmare og tilnærma isfritt Barentshav allereie i 2030. Dette gir dårlege framtidsutsikter for grunnsteinen i den arktiske næringskjeda, konkluderer havforskar og artikkelforfattar Mats Huserbråten.

Les meir: Polartorsken får problem når isen forsvinn

Havmodellen forskarane har brukt i arbeidet viser utviklinga i temperatur og isdekke frå 1990 til 2017:

Sporar fisken sin fødestad

Artikkelen som vart løna med utmerkinga «Årets publikasjon 2019» under Havforskingsdagane sist veke, byggjer på omfattande forskingsarbeid som er gjort ved HI over fleire år.

Huserbråten og kollegane Elena Eriksen, Harald Gjøsæter og Frode Vikebø har kombinert data frå det årlege økosystemtoktet i Barentshavet med modellar som simulerer blant anna havstraumar og havtemperatur. Ut frå dette kunne dei anslå kvar torsken mest truleg har gytt om våren, og korleis straumane har ført egg, larvar og yngel før han enda opp i trålposen om hausten.

Slik har forskarane sett korleis gytefelta nordvest og søraust i Barentshavet har variert og flytta seg frå år til år.

(Saka held fram under figuren.)

Forskarane har laga modellar som viser trulege gytestader for polartorsk (grøne og blå prikkar), observasjonar av nyfødd polartorsk frå tokt (svarte prikkar), temperatur og isdekke. Figurane viser variasjonen frå botnåret 1995 til toppåret 1998. Sidan har det blitt fleire isfattige år.

Gyter lenger mot nord

– I 1995 var for eksempel rekrutteringa av ny polartorsk den lågaste som har vore observert, noko som sannsynlegvis hadde samanheng med rekordlågt isdekke søraust i Barentshavet, seier Huserbråten:

– Dette i motsetning til 1998, då rekrutteringa var rekordhøg i søraust. Dette fall saman med den største utstrekning av isdekket sidan 1980-talet.

I gytefeltet aust for Svalbard har isen vore meir stabil, men auka temperaturar og beiting har truleg bidrege til at gyteaktiviteten har flytta seg lenger og lenger nordover mot Polhavet.

– Vi såg ein klar negativ samanheng mellom rekruttering av polartorsk og maksimal sommartemperatur. I enkelte år var den modellerte sommartemperaturen fleire grader over tolegrensa til larvane, legg Huserbråten til.

(Saka held fram under figuren.)

Kvar prikk representerer ein berekna gytestad for polartorsk. Bokstavane representerer eit femårs gjennomsnitt. Frå 90-talet til i dag har gyteaktiviteten aust for Svalbard flytta seg 55 mil mot nord.

Aukande press på arktiske artar

Trendane med issmelting og temperaturauke er tydelege i perioden Huserbråten og kollegane har sett på. Framskrivingar gjort av blant andre Anne Britt Sandø ved HI tyder også på at dei vil halda fram langt inn i framtida.

Dei raske klimaendringane i nord har dei siste åra ført til auka interesse for blant anna cruisetrafikk, shipping og petroleumsaktivitet. Auka menneskeleg aktivitet kjem på toppen av klimaendringar og legg ytterlegare press på polartorsken og andre sårbare artar i Arktis.

– Samla krev dette auka kunnskap om moglege konsekvensar for arktiske økosystem, som grunnlag for berekraftig forvaltning i nordområda. Her har vi viktige verktøy i form av modellar som kan hjelpe oss til å forstå utviklinga, saman med lange tidsseriar av observasjonar frå tokt, seier Huserbråten.

Referanse

Huserbråten, Mats, Eriksen, Elena, Gjøsæter, Harald, Vikebø, Frode. 2019. «Polar cod in jeopardy under the retreating Arctic sea ice». Commununications Biology, 2: 407. doi:10.1038/s42003-019-0649-2 (lenke til artikkelen).