Gå til hovedinnhold

Endeleg kvoteråd for tobis: Doblar rådet til 250 000 tonn

Historisk sterk rekruttering, framleis mykje av dei eldre fiskane og god mattilgang i Nordsjøen har gitt rekordhøge målingar av tobis. 

I det endelege kvoterådet for tobis rår Havforskingsinstituttet til eit fiske på opptil 250 000 tonn basert på dagens haustingsregel. Det er nøyaktig det dobbelte av fjorårets kvoteråd. Årets førebelse kvoteråd var på 110 000 tonn.

HI rår til at underområda 1a, 1c, 2b, 2c,3b,3c, 4a (sjå kart) blir verande opne i perioden 15. april – 23. juni. Les toktrapporten bak kvoterådet.

Fleire sterke årsklassar og godt «oppfeita»

Rådet er ei oppdatering etter årets akustikk- og tråltokt etter tobis. Leigefartøyet «Eros» klappa til kai onsdag, og forskarane har gått i land med nye data.

– Årets tokt gjekk veldig bra med godt vêr og gode arbeidsforhold. Vi har heller aldri sett så mykje fisk og anslår at gytebestanden er vesentleg større enn det vi har observert dei siste to tiåra, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen. (Sjå bildekarusell frå toktet øvst i saka.)

Nokre av funna som gjer at forskarane no kan rå til den massive kvoteauken:

  • Tobisen var jamt fordelt mellom dei sørlege fiskebankane.
  • Tre av dei fire siste årsklassane var over middels sterke for første gong i toktserien.
  • Rekrutteringa (2019-årsklassen) er historisk sterk.
  • Den svært sterke 2016-årsklassen er framleis talrik.
  • Mykje dyreplankton i sjøen og i magane til tobisane har gitt god individuell vekst.

Kokte også i havet

I tillegg til registreringar på ekkoloddet, såg forskarane tobis som kokte på blankt hav og fugl og kval som meska seg. 

Dette kunne folk sjå langs kysten i fjor sommar. Undersøkingar viste at det var nullårig havsil som kokte i fjæra – som gav store forventningar til den kommande årsklassen før toktet i år. (Les også: Rapportar om store mengder tobisyngel langs kysten)

Det blei rekrutteringsrekord i den 12 år gamle toktserien.

– Det er utruleg kjekt å få vere vitne til eit slikt comeback for denne nøkkelarten i økosystemet, seier Espen Johnsen.

Han meiner norsk forsking og forvaltning kan ta ein del av æra for dei lysare tobis-tidene. 

– Har knekt ein kode

Tobisane lever dels nedgravne i sandbotn, og bestanden deler seg derfor inn i sandbankar på avgrensa område i Nordsjøen. I 2011 innførte Norge eiga norsk kvote per område, med fiske i berre delar av kvart område. Dette for å bygge opp igjen tobisbestanden og sikre berekraftig fiskeri.

– Så langt tyder alt tyder på at forvaltningsmodellen funkar. Vi har sett ei stadig betring i nesten heile norsk økonomisk sone. Eg håpar og trur at vi har knekt ein kode, seier forskaren.

– Nøkkelen er gode akustiske tokt, gode fangstdata frå fiskeflåten og områdebasert forvaltning som hindrar for stort lokalt fisketrykk, fortset han.

Men Vikingbanken ligg framleis brakk

Unntaket til dei gode tidene for tobisen er Vikingbanken, som ligg for seg sjølv betydeleg lengre nord enn dei andre områda (5 på kartet). Trass rekordmålingane lengre sør i Nordsjøen, var det svart hav på ekkoloddbilda frå Vikingbanken. Kvifor det er så labert der, er ikkje forskarane sikre på.

– Det kan skuldast for låg gytebestand, uheldige forhold for larvane, for stor menneskeleg aktivitet eller andre faktorar, seier Johnsen.

HI sitt råd er at området blir verande stengt for fiske, som det har vore sidan 2000-talet.

Takkar leigefartøyet «Eros»

Sidan 2013 er det fiskebåten «Eros» som har vore leigd inn til tobistoktet. Kontraktperioden er no over.

Toktleiar Espen Johnsen og kaptein på "Eros", Pål-Cato Reite. (Foto: Åse Husebø / HI)

– På vegner av HI har eg lyst å seie tusen takk til mannskapet på «Eros». Dei er utruleg positive, fleksible og proffe. Det har vore ei glede å jobbe saman, seier Espen Johnsen.

Les toktrapporten bak kvoterådet.