Gå til hovedinnhold

Smitte mellom oppdrettsanlegg kan bli redusert med ny struktur


oppdrettsanlegg ill foto Eivind Senneset

(illustrasjonsfoto)

Fotograf: Eivind Senneset / Havforskningsinstituttet

Dersom oppdrettslokalitetane som bidreg mest til lusesmitte blir lagt ned, kan produksjonen aukast på andre anlegg samtidig som lus- og smitteproblem vert redusert. Med ei slik løysing kan totalproduksjonen oppretthaldast, eller aukast noko på sikt.

Forskarar på Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet har analysert kva som skjer dersom ein endrar på strukturen av oppdrettslokalitetane i produksjonsområde 3 (frå Karmøy til midt på Sotra på Vestlandet).

– Vi har nytta ulike modellar som tyder på at færre lokalitetar vil redusere smittespreiing av lus og virus mellom anlegg. Arbeidet har så langt gitt særs lovande resultat, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet.

Han påpeikar at det trengst ytterlegare analysar av fleire forhold, samt vidare dialog med næring og forvaltning før ein kan komme fram med konkrete forslag til ny lokalitetsstruktur i produksjonsområdet.

– Arbeidet viser at god anleggsstruktur har stor verknad for lusesmitte og for biosikkerheit generelt. Vi kan oppnå både redusert dødelegheit og bedra fiskevelferd med betre struktur. Resultata bør stimulere til å endre tenkinga rundt plassering av anlegg og organisering av lakseproduksjonen langs norskekysten, seier avdelingsdirektør Edgar Brun ved Veterinærinstituttet.

Resultata er lagt fram i ein rapport som nyleg er sendt over til Nærings- og fiskeridepartementet som har tinga arbeidet.

Endringar krev tett samarbeid mellom forvalting og næring

Forskarane hadde planlagt fleire dialogmøte, men dei vidare møta måtte utsettast grunna koronasituasjonen.

Framover håpar Taranger og Brun på fleire innspel frå både næring og forvaltning før eit konkret forslag til ny lokalitetsstruktur kan leggjast fram, då det er ei rekke ulike omsyn som må inngå i dei vidare analysane. Dei vil samstundes takke alle dei som har delteke med svar på ulike spørsmål i samband med arbeidet som er gjort til no.

Det er mange ulike selskap som nyttar oppdrettslokalitetane i området, og ei rekke ulike myndigheiter har ei rolle i reguleringa av desse. Det krev difor tett samspel mellom forskarar, næring og styresmakter, både for å finne fram til den optimale strukturen, og for faktisk å kunne endre lokalitetsstrukturen for å oppnå dei mogelege gevinstane.

Kan redusere smitten

Analysar av smittespreiinga i produksjonsområde 3, viser at det er mogeleg å dele området inn i seks undergrupper eller klynger.

Smitte av lakselus mellom lokalitetar basert på typiske lusetal dei siste åra. Storleiken på sirklane viser kor mykje lus lokaliteten eksporterer og tjukkelsen på strekane viser kvar det blir transportert mykje (kraftig strek) og kvar det kjem lite (tynn strek) lus. Fargen på sirklane indikerer at dei er i same smittegruppe/klynge – der lokalitetane smittar og får mest lus frå lokalitetar med same farge.

– Smitten internt i desse gruppene er vesentleg større enn smitten mellom dei, forklarar forskar Ingrid A. Johnsen ved Havforskingsinstituttet. Ho er ein av dei som har utvikla modellane som blir brukt i dette arbeidet.

– Analysane viser at ein kan redusere smittepresset mellom lokalitetane i området ved å flytte produksjonen frå lokalitetar med stor smitte til lokalitetar med lågare smitte, forklarar ho.

Ulike modellar peikar i same retning

Forskarane på Havforskingsinstituttet har analysert kva som kan skje om ein fordeler dagens produksjon av oppdrettsfisk på 100 oppdrettslokalitetar i staden for dei 135 vi har i dag.

– Resultata tyder på at smitten av lakselus mellom anlegg kan bli redusert med nesten 50 % frå dagens situasjon, og at den potensielle virussmitten kan reduserast med over 20 %, seier Ingrid A. Johnsen.

Optimal lokalisering av oppdrettsanlegga kan på sikt også gjere det mogeleg å auke produksjonen av oppdrettsfisk samtidig som lusesmitten og virussmitten vert redusert i forhold til dagens situasjon.

– Som eit døme tyder analysane på at ved optimal lokalisering av anlegga kan produksjonen i området aukast med 10 %, og framleis vil smittereduksjonen i forhold til dagens situasjon kunne bli om lag 30 % for lus, og smittepotensialet for virus kan bli redusert med om lag 20 %, seier Johnsen.

– Analysar frå smittespreiingsmodellen til Veterinærinstituttet viser at både lusemengda i anlegga og talet på avlusingar kan reduserast med rundt 20 % dersom halvparten av lokalitetane vert fjerna og produksjonen blir flytta til dei andre lokalitetane. I arbeidet er det ikkje tatt omsyn til praktiske utfordringar i forbindelse med dette, og det er heller ikkje sett på andre moglegheiter for smitteavgrensing. Foreløpige analysar viser også at færre og større anlegg vil kunne redusere den samla PD-belastinga i området, seier seniorforskar Bang Jensen frå Veterinærinstituttet.
 
Modellane til både Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet viser at for få best mogeleg effekt av å fjerne anlegg, er det viktig å fjerne dei anlegga som bidreg mest til lusesmitte hos naboane.

Forskarane har òg sett på kva som er effekten av å ta i bruk ulike teknologiske løysingar på lokalitetane som bidrar med mest smittespreiing. Innføring av lukka, eller delvis lukka («snorkel»)-merd teknologi på strategisk utvalde lokalitetar er meir effektivt enn å gjere det på tilfeldige lokalitetar.

Referanse:

Mats Huserbråten, Bjørn Ådlandsvik, Øivind Bergh, Søren Grove, Ørjan Karlsen, Geir Lasse Taranger (HI), Lars Qviller (VI), Katherine Rose Dean (VI), Britt Bang Jensen (VI) og Ingrid Askeland Johnsen (HI). Endret lokalitetsstruktur i produksjonsområde 3 — vurdert virkning på spredning av lakselus, pankreassykdom og infektiøs lakseanemi. Rapport fra Havforskningen 2020-12.