Forskingsteknikar Eirik Odland sorterer fangsten om bord på leigefartøyet "Eros". Maskinist Ronny Petersen hjelper ivrig til.
Fotograf: Åse Husebø / HIPå toktet brukar forskarane ekkolodd for å måle kor mykje tobis dei ser på faste ruter i Nordsjøen. Trålfangsten brukar dei til å skaffe eit bilde av alderen til fiskane. Her er toktleiar Espen Johnsen med auge på tobisstim.
Fotograf: Åse Husebø / HIHavforskingsinstituttet har leigd inn fiskebåten "Eros" for det årlege akustikktoktet etter tobis.
Fotograf: Åse Husebø / HITobisen i trålen gir eit bilde av alderssamansettinga i stimane vi ser på ekkoloddet.
Fotograf: Åse Husebø / HIForskarane samlar inn data om alder, lengd og vekt på tobis i trålfangsten.
Fotograf: Åse Husebø / HIForskarane har hatt snille vêrtilhøve i Nordsjøen i år, om bord på leigefartøyet "Eros".
Fotograf: Åse Husebø / HIPublisert: 06.05.2020 Oppdatert: 16.06.2020
Akkurat no er forskarane på tokt i Nordsjøen for å kunne gi eit endeleg kvoteråd for tobis 15. mai.
Samtidig går det heitt føre seg for fiskarane på tobisfelta. Den førebelse kvoten på 70 000 tonn er snart tatt.
Fiskeridirektoratet har derfor spurt HI om vi hadde nok kunnskap til å kunne oppdatere gjeldande kvoteråd før det endelege. Det for ikkje å sette fisket på pause, gi mindre press på fiskemottaka og bidra til at totalkvoten blir fiska innan sesongslutt.
Før toktet var det knytt stor spenning til årsklassen som klekte i fjor og som gav opphav til kok av tobis langs Norskekysten i fjor sommar. Desse fiskane er med på å gjere at forskarane trygt kan tilrå ei førebels kvoteauke.
«På tross av en hittil ufullstendig dekning så bekrefter de foreløpige toktresultatene signalene fra skrapetoktet i desember 2019 at rekrutteringen av tobis har vært meget god. I tillegg har vekstforholdene vært gode og medført en god individuell vekst,» skriv HI i sitt svar til Fiskeridirektoratet. (Les heile svaret.)
Det førebelse kvoterådet blir derfor auka frå 70 000 til 110 000 tonn, utan endringar for kva område som er tilrådd opna for fiske.
Endeleg kvoteråd kjem 15. mai.