Publisert: 23.11.2020
Vanleg laks vandrar mellom ferskvatn og sjø. Den er anadrom. Men under landhevinga i siste istid blei nokre laksar fanga i ferskvatn. Desse dannar no eigne stammar av ferskvannslaks. (Sjå faktaboks)
No har forskarane kartlagt gena til fleire stammar av ferskvannslaks i leit på gode eigenskapar.
– Målet vårt var å identifisere kva ferskvannslaksen har som ikkje anadrom laks har, og omvendt. Vi brukar ferskvannslaks som ein referanse for å finne ut kva gen som er viktige for å overleve i sjøen, eller som gir meir omega-3 eller sjukdomsmotstand, fortel forskar Erik Kjærner-Semb.
Forskingsgruppa hans jobbar blant anna med korleis genteknologi kan gi betre oppdrettslaks.
– Vi fann mange genetiske skilnader mellom ferskvannslaks og vanleg laks. Blant anna gen som blir «skrudd på» i gjellene når laks blir utsett for saltvatn, fortel Kjærner-Semb.
I tillegg ser dei at genet igf1 har svært få variasjonar i alle anadrome laksar. Men hos ferskvannslaksen kjem det i mange variantar – litt hipp som happ.
– Det kan bety at det er spesielt viktig for sjøvannsfasen til laks, og mindre relevant for ferskvannslaksen. Viss eit spesifikt gen gjer det enklare å overleve, vil det bli reindyrka gjennom evolusjon. Det motsette ser vi for dette genet hos ferskvannslaksen, forklarer Kjærner-Semb.
– Vi trur derfor dette genet er med på å gjere atlantisk laks i betre stand til å overleve i sjøen.
Det er ikkje mange ferskvannslaksar i Norge. For å få nok samanlikningsgrunnlag, har forskarane undersøkt stammar frå Norge, Sverige, Finland, Russland og USA.
Spesielt eitt såkalla område i genomet skil seg kraftig mellom anadrom laks og ferksvannslaks. Det kan knytast mot immunforsvar og feittforbrenning.
– Det interessante med dette området, er at vi kan sjå at det har utvikla seg likt i alle dei ulike stammane, uavhengig av kvarandre, seier Kjærner-Semb.
– Det kan bety at det styrer eigenskapar som gir meining for eit liv i berre ferskvatn.
Vegen vidare blir å gjere målretta eksperiment med ferskvannslaks for å slå fast nøyaktig kva genvariantar som styrer kva eigenskapar.
– Så kan vi sjå om desse gir fordeler eller ulemper. Deretter kan vi bruke kunnskapen i avl eller genredigering for å fremme gunstige trekk hos oppdrettslaks, forklarar han.
Kjærner‐Semb, Erik, Rolf B. Edvardsen, Fernando Ayllon, Petra Vogelsang, Tomasz Furmanek, Carl Johan Rubin, Alexey E. Veselov et al. "Comparison of anadromous and landlocked Atlantic salmon genomes reveals signatures of parallel and relaxed selection across the Northern Hemisphere." Evolutionary Applications (2020). Link: https://doi.org/10.1111/eva.13129