Gå til hovedinnhold

HI-forskar leier utval om genteknologi


anna wargelius lab

Anna Wargelius forskar på om genredigering kan brukast til å løyse problem med sjukdom og rømming for oppdrettslaks.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Regjeringa har oppnemnd Anna Wargelius som leiar for eit nytt utval som skal gjennomgå genteknologifeltet. – Rett kvinne på rett plass, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Wargelius leier forskingsgruppa for reproduksjon og utviklingsbiologi ved Havforskingsinstituttet (HI). Gruppa har dei siste åra tatt i bruk den såkalla CRISPR-metoden til genredigering av oppdrettslaks (sjå faktaboks).

Nye teknikkar som CRISPR er ein del av bakteppet for utvalet, som skal sjå på feltet med friske auge. Dei skal levere sine konklusjonar til Klima- og miljødepartementet innan juni 2022.

– Eg er veldig glad for tilliten og gler meg til å kome i gang med det store arbeidet. Vi skal både sørge for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, vurdere etiske dilemma og foreslå korleis vi kan utvikle og regulere genteknologien vidare. Så får politikarane velje korleis feltet skal forvaltast i tida framover, seier Wargelius.

Tidleg ute med ny teknikk

Wargelius fortel at ho og forskingsgruppa var tidleg ute med å ta i bruk CRISPR-teknologien, attpåtil inn mot ein av dei viktigaste næringane i Noreg. Målet med forskinga har blant anna vore å lage «rømningssikker» oppdrettslaks.

– Denne teknologien er ikkje som andre genteknologiar; du kan gjera mykje mindre og meir effektive endringar, og det er veldig annleis enn teknologiane som var i bruk då reguleringa sist blei oppdatert, seier ho.

CRISPR er i dag berre godkjent for bruk i forsking, ikkje kommersiell produksjon.

Stolt sjef

HI-direktør Sissel Rogne er glad og stolt for at regjeringa har peikt ut Wargelius som leiar av det nye utvalet.

– Det er rett kvinne på rett plass, seier ho, og utdjupar:

– Anna er ein verdsleiande forskar innan ein av dei mest interessante metodane for genteknologi, og utvalet skal nettopp sjå på genteknologilova med tanke på dei metodane som er interessante i dag og i tida framover. Då må du ha med ein som kan faget, og som kan sjå både moglegheitene og dei etiske utfordringane som følgjer med.

– Vi er stolte av henne og faggruppa hennar, som leverer nye og spennande resultat på løpande band, seier Rogne.

Les meir om utvalet og mandatet på regjeringa sine nettsider.

Anna Wargelius, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet, Bergen (leiar)

Arne Holst Jensen, seniorforskar ved Veterinærinstituttet, Oslo 

Trygve Brautaset, professor i syntetisk biologi ved NTNU, Trondheim 

Kaare Magne Nielsen, professor i mikrobiologi ved Oslo Met, Drammen 

Muath Alsheikh, forskingssjef ved Graminor AS, Hamar 

Ingvild Ulrikke Jakobsen, professor i rettsvitskap ved UiT, Tromsø 

Ole Kristian Fauchald, professor ved Institutt for offentleg rett ved UiO, Oslo 

Espen Gamlund, professor i filosofi ved UiB, Bergen 

Fern Wickson, vitskapleg leiar ved North Atlantic Marine Mammal Commission, Tromsø 

Aina Nilsen Bartmann, dagleg leiar i GMO-nettverket, Nesodden 

Sigrid Bratlie, spesialrådgjevar i Kreftforeininga og Norsk Landbrukssamvirke, Oslo 

Camilla Tøndel, overlege ved Haukeland Universitetssjukehus, Bergen