Gå til hovedinnhold

REDUS har ført til betre estimat i bestandsrådgjevinga


HI 041154

– Me har gjort prøvetakinga på tokt med trål meir standardisert, noko som har ført til mindre variasjon i resultat enn då me starta i 2016, fortel REDUS-prosjektleiar Erik Olsen. På bilete: Pelagisk trål, på økosystemtokt i Barentshavet. Malin Lie Gulbrandsen med kost.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Forskarane har gått igjennom det meste: frå tokt, trålmetodar og prøvetaking til utrekningar og forvaltingsstrategiar. Dei har funne nye metodar og verktøy. Etter fem år med REDUS har råda til HI blitt sikrare.  

Kor mykje fisk det finst i havet, og kor mykje som trygt kan fiskast opp utan å øydeleggja for fiskebestandane, er eit heilt sentralt spørsmål for både norsk fiskeri og havforsking. 

 – Fisk lever jo i det store, djupe havet og er mykje vanskelegare å telja enn dyra på land. Difor må me havforskarar bruka indirekte måtar for å kunne sei noko om kor stor og solid ein fiskebestand er, forklarar prosjektleiar for REDUS, forskingssjef Erik Olsen. 

Heilt konkret dreg forskarane på vitskapelege tokt, og dei hentar inn fangstdata frå fiskeria. Dette vert vidare analysert gjennom avanserte, matematiske modellar. Slik finn forskarane ut estimat på kor mykje fisk det er i havet i dag, og korleis bestanden vil utvikla seg dei kommande åra. 

Målet: Gjera bestandsrådgjeving og kvoteråd sikrare 

Men eit estimat er aldri hundre prosent nøyaktig. 

– Det er alltid ei viss usikkerheit knytt til eit estimat, og det er frustrerande for både fiskerinæringa og forvalting når det innimellom skjer at estimatet ikkje stemmer med det ein seinare observerer på havet, seier Olsen. 

Det var bakgrunnen for REDUS-prosjektet, som starta opp i 2016. REDUS står for Redusert usikkerhet i bestandsvurderinger. Når prosjektet no skal avsluttast etter fem år, har det ført til fleire endringar i prosessane fram mot eit kvoteråd. 

Nytt verktøy skal brukast på alle store bestandar 

Forskarane i REDUS-prosjektet jobba bredt og undersøkte alle ledd i prosessen: frå prøveinnsamlinga på tokt til metodane for tråling, akustikk, bestandsberekningar og forvaltingsstrategiar. 

– Me har utvikla ein «virtuell arbeidsbenk» for analyse av data frå tokt og fangst som gjer det mogleg å testa korleis ulike modellar, brukarinnstillingar og utval av data påverkar eit bestandsestimat. Dette verktøyet gjer oss i stand til å måla kor stor usikkerheita er i kvart einaste ledd i prosessen, frå fangsten ein tek opp på toktet og heilt fram til eit ferdig råd, fortel prosjektleiaren. 

Sild og torsk har vore «prøvekaninane» for det nye verktøyet, men resultata har vore så gode, at verktøyet no skal takast i bruk i langt større skala. 

– Frå og med 2021 skal verktøyet brukast på alle dei store fiskebestandane me på HI gir råd for. 

Meir presise – og billegare – toktestimat 

Å utvikla nye metodar har vore sentralt i REDUS-prosjektet. 

– Vi har mellom anna utvikla nye metodar for måten ein gjennomfører tokt på, som både gir eit betre toktestimat og samtidig sparar tid på tokt, noko som igjen gjer tokta billigare, fortel Erik Olsen. 

– Me har gjort prøvetakinga på tokt med trål meir standardisert, noko som har ført til mindre variasjon i resultat enn då me starta i 2016. Vidare har me auka presisjonen på den biologiske prøvetakinga når me estimerer aldersstruktur på bestanden, som me treng  for å kunne laga gode aldersstrukturerte bestandsmodellar. 

HI har også samarbeida med Norsk Regnesentral om å vidareutvikla modellane som reknar ut kor store bestandane er. 

– I tillegg har me utvikla ein ny modell for å dekka «hola» i tokta våre, som oppstår når is, uver eller havari gjer at det er delar av eit område me ikkje får undersøkt i enkelte år. 

Sonar: Ikkje så enkelt å bruke som ein håpa 

Mange av tokta til HI er sokalla akustiske tokt, der forskarane brukar data frå ekkolodd for å måla mengda fisk i vassmassane. 

I REDUS-prosjektet har ein forsøkt å utvikla dei akustiske metodane, og spesielt undersøkt om og korleis sonar kan bli brukt til å estimera mengda fisk i vassmassane. 

– Dette arbeidet er me ikkje komme i mål med endå, for det viser seg å ikkje vera like rett fram å bruka sonar til å telja fisk, som det me først trudde, fortel Olsen. 

«Sildelotteri» gir meir representative prøvar av fangst 

For å finna ut kor gamal (eller ung) fiskane som vert fiska opp er, er det viktig at prøvane frå fangstane i fiskeria er mest mogleg representative. Det blir best sikra med at det er eit tilfeldig utval det blir tatt prøvar av. 

Difor utvikla forskarane i REDUS saman med fiskerinæringa eit «lotteri» for å kunne ta tilfeldige prøvar av fangstar. «Lotteriet» byrja med sild, men vert no utvida til å gjelda andre pelagiske bestandar. 

– Saman med Norsk Regnesentral har me også utvikla eit statistisk verktøy som reknar fangst per alder, og viser usikkerheita i estimatet, det er viktige data å få inn i bestandsmodellane våre, seier Erik Olsen. 

Sildeprøver på fiskelaben med Jostein Røttingen.  Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Simulerer utfall av ulike strategiar 

Eit viktig verktøy for fiskeriforvaltinga i Noreg og dei andre landa rundt Nord-Atlanteren er å finne gode haustingsstrategiar. Ein slik strategi skal gjere at ein får fiska så mykje som ein kan, utan at ein bestand står i fare for å kollapsa. 

 – For å finna dei aller mest optimale haustingsstrategiane for ein fiskebestand, må ein teste ut tusenvis av potensielle strategiar med datasimuleringar. I REDUS har me fått utvikla eit slikt verktøy, der ein både kan simulera strategiar for ein enkelt bestand, eller for eit heilt økosystem. Med sistnemnte kan me sjå korleis ein strategi for ein fiskebestand igjen kan slå ut for andre artar.