Gå til hovedinnhold

Fant to kilometer langt korallrev


korallrev

Korallrevet i Bømlafjorden.

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Etter tips frå lokale, har havforskarar undersøkt eit område i Bømlafjorden på jakt etter korallar. Overraskinga var stor då det viste seg det var eit korallrev på heile to kilometer nede i djupet.

– Vi visste at det var korallar der, men at vi skulle finne eit så stort rev kom overraskande, seier havforskar Tina Kutti.

– Det er veldig spesielt å få dokumentere eit så stort rev nesten rett utanfor stuedøra.

Ho leiar arbeidet med å kartlegge revet, og er alt i gang med å analysere videoane dei tok tidlegare i veka. Frå toktet har dei med seg ca. 14 timar med video som no skal analyserast – eit arbeid som vil ta fleire veker.

– Revet er ca. to kilometer langt og truleg ein del smalare. Det er hovudsakleg oppbygd av steinkorallen Lophelia pertusa, som er den arten som bygger dei fleste reva i norske havområde, fortel ho.

Det ser ut som korallane veks over det meste av terskelen som går over Bømlafjorden. Ein terskel er som ein høg dørstokk som stikk opp frå botnen.

Terskelen markerer området kor isbreen som laga fjorden, slutta for fleire tusen år sidan. Dei fleste fjordar på Vestlandet har terskel. Alt vatnet som skal inn eller ut av ein fjord må passere denne innsnevringa som terskelen skaper, dermed blir det sterk straum her.

– Terskelen i Bømlafjorden ligg på 100–150 meters djup, akkurat slik korallane likar det, fortel Kutti.

I tillegg til sjølve revet, veks det fleire andre korallartar ved sida av:

– Vi ser at det er korallskog rett ved sida av revet, det er andre artar som veks i same område, men utan at dei byggjer rev, forklarar ho.

Sidan forskarane ikkje venta å finne så store mengder med korallar, skal dei tilbake seinare for vidare undersøkingar.