Gå til hovedinnhold

The Ocean 2020: Finn klimaløysingar i havet


geir lasse taranger 1

Forskingssjef Geir Lasse Taranger meiner havforsking er ei viktig brikke i å lage nye, berekraftige løysingar. 

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskingsinstituttet

Åtte av ti nordmenn trur meir forsking er avgjerande for å løysa miljø- og klimaproblema. I dag møter forskarar næringsliv og politikk digitalt på The Ocean 2020.

Heile 79 prosent seier i ei ny undersøking at dei trur meir forsking er avgjerande for å kunna løysa verdas miljø- og klimautfordringar. 14 prosent seier nei, og 7 prosent veit ikkje. Støtta til påstanden er stabilt høg og har auka med fire prosentpoeng sidan første undersøking i 2015.

Undersøkinga er utført av Opinion i samband med havkonferansen The Ocean, som samlar blå kunnskaps- og næringsmiljø med base i Bergen (sjå faktaboks).

Aukande behov for omstilling

Det nye koronaviruset set naturleg nok sitt preg på konferansen, som i år blir arrangert digitalt. Endringar i framtidsutsikter som følgje av krisa er også eit tema på programmet.

– Koronasituasjonen set endå større fokus på behovet for endringar i dei marine næringane. Det handlar om å skaffa nye arbeidsplassar og berekraftige løysingar for framtida; og for å få til det, må vi ha god dialog mellom politikk, næringsliv, forsking og forvalting, seier forskingsdirektør ved HI, Geir Lasse Taranger. 

– Sjølv om det er krevjande i år med tanke på smittesituasjonen, så håpar vi å få det til gjennom å ta i bruk ei ny, digital løysing, legg han til.

Lågare utslepp til havs

Taranger har vore med i programkomiteen for The Ocean, og leier ein parallellsesjon om kunnskapsbasert bruk av havressursar. Her vil også HI-direktør Sissel Rogne halde innlegg om omstilling for ein berekraftig havøkonomi. Blant andre tema er offshore havbruk og havmineralar.

Forskingssjef Peter M. Haugan leier ein annan parallellsesjon, om redusert klimafotavtrykk i næringa. Han var i fjor med og skreiv ein rapport om havet som ein del av klimaløysinga, som dannar eit bakteppe for sesjonen.

Kjekt at folk ser at forsking er avgjerande for å få til klimaløysingar, synest Peter Haugan. Foto: Christine Fagerbakke / HI

– Det handlar om å redusere karbonutslepp frå havindustri, men også å redusere utslepp ved å flytte aktivitet frå land til hav. Transport har til dømes høgare karbonavtrykk på land enn til havs, det same gjeld matproduksjon, seier Haugan.

Også han gler seg over at så mange nordmenn ser behovet for forsking for å løyse miljøproblema.

– Det er når forsking, politikk/regulering og næringsliv/sivilsamfunn speler saman på ein konstruktiv måte, at vi får ting til. Forsking er viktig i arbeidet med forvaltingsplanar og økonomiplanar, og du får ikkje aktivitet utan god forsking i botnen. Det er kjekt at folk ser det, seier Haugan.

Tang og tare kan bli klimalager

Forskingssjef Erik-Jan Lock leier ein verkstad på HI i tilknyting til sesjonen om redusert klimautslepp.

– Eit tema er dyrking av tang og tare, som er ein god måte å fange karbon på. Viss du dyrkar tang og tare, og lar det søkka til havbotnen utan at det rotnar, så kan det bli eit CO2-lager, seier Lock. 

– Samtidig kjem vi til å snakke om korleis det vi dyrkar i havet kan bidra til ein sirkulær bioøkonomi. 

Han meiner det er verdifullt å møtast på tvers for å avstemme forventingar og ambisjonar.

– Det handlar om å sjå kva som er status i dag, kor vi er på veg, og identifisere område som treng meir merksemd framover. Det må vere samspel mellom forsking, bedrifter og myndigheiter på alle nivå for å kome vidare, seier Lock.

Ein tredje parallellsesjon tar for seg robotikk og autonome operasjonar til havs – eit anna område med stort potensial for både utsleppsreduksjon og ny verdiskaping, og som HI satsar meir på framover.