Gå til hovedinnhold

Tobisen har det greitt i sør, men slettes ikkje på belasta Vikingbanken


kollasj av tobis pluss kart over Nordsjøen med skipstrafikk og oljeinstallasjonar

Dei oransje felta viser tobis-områda i norsk sone av Nordsjøen (raud ring rundt Vikingbanken). Varmekartet viser skipstrafikk og prikkane oljeinstallasjonar. (Tobisfoto: Erling Svensen / HI - Kartet er henta frå barentswatch.no)

Det er kortversjonen av ein ny rapport om status og sårbarheit for tobis frå HI til Miljødirektoratet.

Den vesle fisken er viktig for økosystemet i Nordsjøen og er årsaka til fleire «særleg verdifulle og sårbare område» (SVO-ar) på kartet. Dei er sandbankar som tobisen gyter og veks opp på.

No har HI laga ein oppdatert kunnskapsstatus på havsilen, den viktigaste tobisarten, på oppdrag frå Miljødirektoratet. Dei behandlar jamleg søknader om oljeaktivitet nær tobisområda.

Nye grep ordna sakene i sør, kritisk lenger nord

– Tobisen har henta seg inn igjen frå dårleg til god status sør i Norsk økonomisk sone i Nordsjøen. På leveområda lenger nord har han ikkje greidd dette, seier bestandsansvarleg havforskar Espen Johnsen.

Tobisen er ikkje tilbake i same mengd verken langs kysten eller på felta AlbjørnLing og Norgyden. Men Johnsen siktar først og fremst til Vikingbanken lengst nord, som er i særklasse av elendigheit for tobisen.

Etter dårlege tider for tobisen innførte nemleg Norge ei ny nasjonal forvaltning av arten frå 2011. 

Då blei norsk sone av Nordsjøen delt inn i fleire tobisområde basert på kunnskap om bestanden. Områda fekk sine eigne delkvoter, og viktigast av alt: Delar av kvart område er alltid stengt for fiske. Dette sikrar at det er fisk igjen til å halde bestanden oppe på dei ulike sandbankane. Tiltaka har i hovudsak fungert bra, med eit stort unntak for Vikingbanken.

Vikingbanken er høgt belasta av industri

– Det kan vere fleire årsaker til dette, for eksempel at området blei fiska heilt tomt, slik at det rett og slett ikkje er tobis igjen til å bygge opp igjen bestanden, seier Johnsen.

Men andre typar menneskeleg aktivitet kan også vere delar av forklaringa.

– Vikingbanken er langt meir belasta av petroleumsaktivitet enn dei andre områda, tilfører kollega og medforfattar Bjørn Einar Grøsvik. Han er miljøkjemikar og har forska mykje på oljeeksponering av fisk.

I rapporten peiker forskarane på at Vikingbanken ligg nedstraums for Tampenområdet, som omfattar mange av dei store oljefelta.

Slepper ut tilsvarande 828 tonn olje i året

Av «kronisk» forureining står Tampen for 45 prosent av utsleppa av produsert vatn (sjå faktaboks) på norsk sokkel, eller kring 57 millionar kubikk kvart år. Sidan produsertvatn inneheld små mengder olje, tilsvarer dette 828 tonn råolje rett i sjøen. I tillegg kjem britiske utslepp.

– Produsert vatn inneheld ein del av dei same stoffa vi finn i olje, som BTEX, PAH, tungmetall og produksjonskjemikalium. Vi har sett at hyse på Tampen har spor av oljepåverknad i levera, seier Grøsvik.

Både tobis og hyse lever ved havbotnen. Tobisen grev seg gjerne ned i sanden der den også legg egga sine.

Klebrige egg var meir utsette for olje

– Når det gjeld oljeforureining veit vi frå andre artar at risikoen er høgast for egg og fiskelarvar. Dette vil særleg gjelde tobisen, sidan både egg og larvar ligg relativt stasjonært i sanden der uønskte stoff kan samle seg opp over tid, fortset han.

HI har vist tidlegare at hyseegg er meir sårbare for olje enn for eksempel torskeegg. Dei er nemleg meir klebrige. Oljedropar festar seg til skalet lettare.

– Vi har ikkje gjort oljeforsøk på egg frå tobis, men vi veit at desse også er klebrige for å kunne feste seg til sanden, seier Grøsvik.

Må teste olje på tobis for å kunne seie sikkert

I rapporten set forskarane fram ei mogleg hypotese om at tobis i område med høg oljeaktivitet har lågare overleving og reproduksjon over tid.

– Men det er mykje vi ikkje veit. For å finne ut om det kan vere hald i ei slik hypotese, må vi gjere forsøk med olje på tobis i ulike livsstadium. Då må vi sjå på både akutte verknader og langtidsverknader, seier Grøsvik.

Også andre menneskeskapte aktivitetar kan vere problemet

Vidare trekk forskarane fram ei rekke andre risikomoment for tobisen:

Tobisen er avhengig av ein spesiell type grus på havbotnen. Den må ikkje vere for grov, og heller ikkje for fin.

Installasjonar, graving eller endring av sjølve botnen vil kunne øydelegge for tobisen.

– Det kan vere sub-sea-installasjonar til oljenæringa, men også vindmøller som anten er forankra eller planta i botnen. Desse legg beslag på område, og oppføringa kan også herje dei til, seier Grøsvik.

Tobis er ingen god klimaflyktning

Tobisen er sårbar for auka havtemperatur: Med høgare temperaturar blir planktonartane i Nordsjøen erstatta av mindre næringsrike «slektningar» frå sør. 

– Men i motsetnad til andre fiskeartar kan ikkje tobisen flytte – han er til ein viss grad «landfast» på sandbanken sin, etter kva vi veit, forklarer Espen Johnsen.

Har summert det vi veit – og det vi ikkje veit

Og ein viktig del av kunnskapsoppsummeringa er å slå fast også det vi ikkje veit.

Det største uløyste spørsmålet er i kva grad dei ulike tobisområda i Nordsjøen utvekslar egg, larvar og fisk seg i mellom. I gode tobis-år er det også mykje fisk ved kysten som forskarane ikkje veit klart kor kjem frå.

Dei kan vere larvar som driv frå havet, eller eigne, kystnære bestandar.

– Saman med Miljødirektoratet og fleire oljeselskap har vi søkt pengar til eit nytt forskingsprosjekt om tobis. Der vil vi tette kunnskapshola slik at vi kan gi ei betre risikovurdering av den samla belastninga tobisen og byttedyra hans er utsett for frå fiskeri, industri og klimaendringar, avsluttar han.

Referanse

Espen Johnsen, Elin Sørhus, Karen de Jong, Kai Kristoffer Lie og Bjørn Einar Grøsvik. "Kunnskapsstatus for havsil i norsk sone av Nordsjøen" Rapport fra Havforskningen (2020). Gå til nettrapport.