Gå til hovedinnhold

Breakdansar inn havforskingstiåret


HI 050035

Havforskar Arne Duinker får sine sekund i rampelyset.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Kva skjer når dansarane i Absence Crew møter vaskekte havforskarar i eit havnelager? Finn ut her!

I eit vanleg år på denne tida plar dei over tusen tilsette ved Havforskingsinstituttet å samle seg til fagdagar, typisk i ein stor konferansesal.

Det går nødvendigvis ikkje denne gongen - derfor har vi digitale HI-dagar.

Og korleis starte med blanke art etter uåret 2020? Jau, det ser du her, når den bergensbaserte dansetruppen Absence Crew har med seg assorterte marinbiologar, laborantar og administrativt tilsette inn i eit avlåst havnelager:

– Vi ønskte å gå inn i det nye året og FN sitt havforskingstiår med mykje energi – starta opp med friskt sjøvatn rett i fjeset, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne, som sjølv deltar som statist i filmen. Mellom anna gjev ho tommelen opp for den "lyssky" forskaraktiviteten.

Etter eit år med mykje heimekontor og brakkesjuke meiner Rogne det er spesielt viktig å tenkja nytt og alternativt.

– Dei tilsette på HI er normalt lette å be, men denne invitasjonen til dans var nok ekstra velkommen. Då vi viste filmen internt, gav det også energi til resten av organisasjonen. Nett slik vi håpa på, fortset ho.

I Bergensavisen oppmoda ho også andre organisasjonar til å tenke annleis og gi oppdrag til kreative krefter som har slitt under koronapandemien: Havforskere i dansesko: – Utenfor komfortsonen

Les også sak i bransjeavisen Kom24 om danseinnslaget: Slik skal Havforskningen holde sine ansatte våkne på neste Teamsmøte