Gå til hovedinnhold

Har oppdaga biologisk «belte» i djupet under Nordpolen


Isbryteren Oden på vei gjennom isen

Havforskarane avdekka det biologiske beltet med ekkolodd-data frå isbrytaren "Oden" sin ekspedisjon i 2016. 

Havforskarane har for første gong dokumentert ei sone med levande organismar i djupet under den tjukke polisen. Sona strekk seg over store delar av Polhavet. 

Polhavet, det store marine økosystemet rundt Nordpolen, har til no vore ein mørk flekk på kartet over verdas fiskebestandar.

Havområdet består av djupe basseng og høge ryggar, med eit tjukt lag av permanent is over seg. Her kjem ein seg berre fram med isbrytar. 

Å bruke trål for å finna fisk er umogleg i den tettpakka isen. Å bruka akustikk for å finna fisk er vanskeleg, på grunn av at bråket ein isbrytar på veg gjennom isen lagar, forstyrrar ekkoloddsignala. 

– Ingen har difor visst om det finst fiskebestandar på havdjupet under Nordpolen, fortel HI-forskar Harald Gjøsæter.  

Men takka vera ein svensk ekspedisjon veit vi no meir. 

På skattejakt i ekkolodd-data 

I 2016 drog den svenske isbrytaren «Oden» på ein stor ekspedisjon, frå Svalbard til Canada, over Nordpolen.

Eit par år seinare kjem HI-forskaren i prat med professor Pauline Snoeijs-Leijonmalm ved Stockholms universitet, som var involvert i ekspedisjonen. 

Det kjem fram at geologar har køyrt ekkolodd undervegs, men at ingen biologar har leita etter fisk i resultata.

Lang historie kort, så endar ein stor harddisk opp i postkassa til Harald Gjøsæter nokre veker seinare – full av akustikkdata frå den månadslange ekspedisjonen. 

– Det såg ikkje særleg lovande ut då eg byrja sjå på dette. Det var umåteleg mykje støy, som sikkert hadde samanheng med at «Oden» braut tjukk is heile vegen over Polhavet. Men etter nokre dagars leiting, fann eg endeleg eit lite område som hadde mindre støy, og til mi store overrasking såg eg då mellom støyen noko som minna svært mykje om fisk nede på djupet, fortel Gjøsæter. 

Det viste seg at båten hadde lege i ro ei stund, under stasjonsarbeid, og då gjekk støynivået ned så mykje at ekko kunne skimtast. Han fann til saman 13 slike stopp på ekspedisjonen, frå skipets ferd frå nord av Svalbard og tvers over Nordpolen. 

Ekkoloddbilde
Akustikk avslørte biologisk lag: Forskerne oppdaget et til nå ukjent "belte" av levende organismer i dypet under polisen. 

Oppdaga eit overraskande biologisk «belte» under isen 

No skjønte Gjøsæter at han var på ferten av noko viktig. Han fekk med seg dyktige forskarkollegaer; både akustikkekspertar, oseanografar og planktologar.

Saman fekk dei kalibrert ekkolodd-dataene, redusert støyen på ekkoloddet, tolka data og henta fram informasjon om dei fysiske tilhøva under isen. 

Ut i frå det kunne forskarane påvise eit såkalla DSL, deep scattering layer, eit horisontalt, biologisk lag av levande organismar. Namnet har laget fått fordi det reflekterer lydbølgjer – gjev ekko – som då forskarane kan sjå på ekkolodd. 

 – Dette var uventa, for sjølv om ein har påvist slike lag på djupt vatn over heile kloden, var det uventa at det skulle finnast der, under all isen, seier Gjøsæter. 

Dei organismane som ein finn i slike lag, lever enten av føde som dei hentar sjølve, ved å vandra opp til overflata, eller som «dryssar» ned til dei frå overflata. Sidan det er is over Polhavet, er det lite planteplankton og andre godbitar lett tilgjengeleg her. 

– Det har rett nok vore kjent at det er fisk like under isen i Polhavet, hovudsakleg polartorsk og istorsk. Men ingen har visst, fram til no, om det fantes fisk eller andre organismar på djupare vatn under isen. 

Kva skapningar lever der? 

Dei fleste stader består eit DSL, som teiknar seg som ei stripe på ekkoloddet ein stad mellom 200 og tusen meters djup, av ei blanding av mesopelagisk fisk, krepsdyr, blekksprutar og geleplankton. 

«Kven» det er som lever i laget under polisen, veit ikkje forskarane enno. Det blei ikkje tråla under Oden-ekspedisjonen. Men det er teikn som tydar på at det kan vera fisk, og då er det nærliggande å tenka på polartorsken. Eit indisium på at det er fisk, er at forskarane kunne spora enkeltindivid over mange ping på ekkoloddet. 

– Då kunne vi rekna på kor fort organismane flytta på seg, og symjetempoet stemte godt med polartorsk. Men det finst også kolonimanetar, som har gassbobler som flyteelement og difor er godt synlege på ekkoloddet, som også rører seg så fort, så vi kan ikkje endeleg slå fast kva det er vi ser på ekkoloddet, forklarar HI-forskaren. 

Liv – men lite 

Sjølv om forskarane har funne biologisk liv, var mengdene heller små. Tettleiken på ekkoloddet var mager.  

– Vi gjorde eit rekneeksperiment, der vi la inn at heile dette laget bestod av polartorsk. Då ville heile laget, tvers over Nordpolen, utgjera berre 2.000 individ pr kvadratkilometer. For å sei det på ein annan måte, kvar einaste fisk ville hatt 150 000 kubikkmeter vatn til sin disposisjon, forklarar han. 

– Ein vil måte tråle i mange timar, med ein stor trål, for å kanskje kunne få eit eksemplar eller to. Konklusjonen vår er altså at sjølv om vi fann fisk, så er det for lite til at det er aktuelt med kommersielt fiske her.

Nyttig eller berre interessant?

Er så dette berre endå eit døme på oppdagingar som tilfredsstiller forskarane sin forvitenskap men elles ikkje gjer så mykje nytte?

–  Vi vonar at denne artikkelen vil vera nyttig også på andre måtar. Det har dei siste 10-12 åra vore ført forhandlingar mellom kyststatane som omkransar Polhavet og andre nasjonar med tradisjonar for fiske i fjerne farvatn, om ein avtale som skal hindre fiske i Polhavet fram til området har blitt skikkeleg undersøkt, og eit eventuelt forvaltingsregime er på plass. 

– Vårt arbeid vil bli sentralt i kartlegginga av Polhavet som desse statane har sett i gang, og som vil danne kunnskapsgrunnlaget for det vidare arbeidet med denne avtala.

Referanse 

Snoeijs-Leijonmalm, Pauline, Harald Gjøsæter, Randi B. Ingvaldsen, Tor Knutsen, Rolf Korneliussen, Egil Ona, Hein Rune Skjoldal et al. "A deep scattering layer under the North Pole pack ice." Progress in Oceanography (2021): 102560. LENKE: https://doi.org/10.1016/j.pocean.2021.102560