Publisert: 09.03.2021
– Vi såg ein sterk samanheng mellom vasstemperatur og infisering. Og jo varmare vatn, jo betre for lusa, seier forskar Sussie Dalvin.
Det er «allment» kjent at lakselus er eit større problem i varmare vatn fordi dei formeirar seg raskare. Det som ikkje er like kjent, er at dei også smittar meir effektivt.
For første gong har forskarane no dokumentert kor effektivt lakselus infiserer vertane sine i vatn frå to til ti grader.
Dalvin og kollegaane hadde ni kar som dei sleppte fisk og lakselus oppi.
I det første karet var det 2 grader, i det andre 3 grader og så vidare opp til 10 grader. Det same forsøket gjorde dei parallelt fire gonger med ulike forsøksdyr, til saman 360 laksar.
Etter nokre dagar talde forskarane lus på fiskane og samanlikna med kor mange dei hadde oppi karet i utgangspunktet.
– Ut får vi ein prosent på kor mange lakselus som greidde å infisere laksen. Den var frå 20 til 50 prosent og hadde tydeleg samanheng med temperatur, seier Dalvin.
– Fisken i ti graders vatn blei smitta av dobbelt så mange lus som fisken i tre graders vatn, legg ho til.
Forskaren seier at temperaturane i dette forsøket fortel mest om lusesmitte på vinterstid, men presiserer at smitteevna berre er éin av faktorane som avgjer kor mykje lus fisken får. Kor salt sjøen er og kor stor overleving larvane har, er andre faktorar.
– Det er ikkje gjort tilsvarande forsøk for høgare temperaturar. Annan forsking tyder på at 15 grader truleg gir litt meir smitte og 20 grader litt mindre.
– Men det som kanskje gjer lusa til eit endå større problem i høgare sjøtemperatur, er at larvane veks opp raskare. Då blir dei kjønnsmodne og kan sjølv produsere nye larvar. Med andre ord ser vi no at dei får ein dobbel bonus i varmare vatn, seier Dalvin.
Resultata går inn i lakselusmodellane til HI. Forskarane brukar desse til å berekne presset frå lakselus langs heile kysten til ei kvar tid. I neste rekke seier det noko om kor mykje laks vi kan rekne at døyr på grunn av lakselus.
Desse berekningane er igjen med på å danne grunnlaget for myndigheitene sitt trafikklyssystem.
Systemet regulerer om oppdrettarane kan få produsere meir fisk, eller om dei må pause eller redusere kor mykje fisk dei har i sjøen. Leis meir om det på temasidene våre.
Dette forsøket er del av FHF-prosjektet Templus. Der er målet å skaffe ny kunnskap om korleis utviklinga og spreiinga til lakselus blir påverka av temperatur, salthald og lys i sjøen.
Dalvin, Sussie, Lars Are Hamre, Rasmus Skern‐Mauritzen, Tone Vågseth, Lars Stien, Frode Oppedal, and Samantha Bui. "The effect of temperature on ability of Lepeophtheirus salmonis to infect and persist on Atlantic salmon." Journal of Fish Diseases 43, no. 12 (2020): 1519-1529. Lenke: https://doi.org/10.1111/jfd.13253