Gå til hovedinnhold

Trafikklys: Dette er kunnskapsgrunnlaget vårt


Lakselustelling

Lakselustelling: Telling av lakselus på vill laksefisk i Hardangerfjorden våren 2019.

Fotograf: Stine Hommedal

Kunnskapsgrunnlaget vårt bygger på overvakingsdata, modellar og analyser. I denne nyheitsoppsummeringa kan du lese meir om kunnskapen bak trafikklysmodellen. 

I Noreg blir veksten innan lakseoppdrett regulert etter reglane i trafikklyssystemet. 

Kor mykje lus villaksen har, avgjer om oppdrettsanlegga i kvar sone får oppretthalda, auka eller minska produksjonen av laks. 

Trafikklyssystemet bygger på forsking og kunnskap frå oss på Havforskingsinstituttet og fleire andre forskingsinstitusjonar. 

Vidare er det opp til styresmaktene å setje grensene for kva som kan tillatast av både produksjon og påverknad på miljøet. 

Slik forskar vi 

Havforskingsinstituttet sitt kunnskapsgrunnlag byggjer på ei rekke kjelder, feltarbeid, modellering og forsøk. Mellom anna: 

Inndelinga av produksjonsområde: 

I trafikklyssystemet blir kysten delt inn i 13 produksjonsområde for laks. 

Inndelinga er eit resultat av at HI gjorde ei analyse av havstraumane langs norskekysten, for å finna dei naturlege grensene mellom ulike område langs kysten. 

Les rapporten. 

HI sin lusemodell 

I vår lusemodell inngår kunnskap om biologi, temperatur og kor salt sjøvatnet er, samt innrapporterte opplysingar frå oppdrettarane om kor mykje lus dei har i anlegga sine. 

Les meir om spreiingsmodellen. 

Sjå lakseluskartet som blir oppdatert kvar veke – vår «vêrmelding» for lakselus. 

Ein animasjon som viser korleis Havforskningsinstituttet samlar og brukar data ved faste målingspunkt i fjordane våre.

Overvaking av lakselus 

Frå vår til seinsommaren blir det gjennomført store feltarbeid for å overvaka kor mykje lakselus det er på vill laksefisk, og det er vi på HI som koordinerer dette arbeidet. 

For å overvaka kor mykje lus det er på villfisken, så må ein rett og slett telja. Vi bruker trål, vaktbur og garn for å ta inn fisk og telja kor mange lus dei har på seg. 

Resultata blir oppsummert i to rapportar, ein på våren og ein på hausten. 

Våre nyaste saker om lakselusforskinga: 

Her kan du lesa dei ferskaste sakene vi har skrive om tema.