Gå til hovedinnhold

Ny artikkel: Rikeleg med krill i fangstområdet i Antarktis


forskere plukker krill fra bord

Antarktistoktet 2019: Forskerne sorterer krill og fisk hver for seg, etter hvert trålhall. Krillen skal målest og veies. 

Fotograf: Oda Linnea Brekke Iden/HI

Forskarane estimerer at det er 62,6 millionar tonn krill i fiskerisona i Sørishavet. Talgrunnlaget vart henta inn på det største forskingstoktet som nokon gong har vore gjennomført i Antarktis. 

10. januar 2019 la det norske forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» frå kai i Punta Arenas i Chile. Reisa gjekk sørover til Antarktis.  

Målet var å undersøke kor mykje krill det er i området av Sørishavet der det føregår kommersielt fiske. 

HI hadde ansvar for det internasjonale toktet, som ble utført av seks fartøy. «Kronprins Haakon» sin del av toktet varte i 46 dagar og dekka eit område på over 4600 nautiske mil – med om lag 70 prøvestasjonar. 

Målte bestanden i fiskeriområdet 

Det vart gjort kontinuerlege ekkoloddmålingar for å berekna mengda krill.  

– Vi tok prøvar i det som blir kalla område 48, det er her krillfisket i hovudsak føregår, fortel prosjektleiar og HI-forskar Bjørn Krafft. Han var også toktleiar på Antarktistoktet i 2019. 

I ein ny, vitskapeleg artikkel i Journal of Crustacean Biology estimerer forskarane krillbestanden til å vera på 62,6 millionar tonn. 

masse krill på bordet
Små, men viktige: Krillen er middag for mellom anna kval, sel og sjøfugl. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Ein liten, men avgjerande art i Sørishavet 

Antarktisk krill, Euphausia superba, blir ikkje større enn seks centimeter og veg opptil 2 gram. 

Det vesle krepsdyret spelar likevel ei avgjerande rolle i økosystemet i Sørishavet. 

Den er hovudretten på menyen mellom anna for kvalar, selar og sjøfuglar. At det er rikeleg med krill i havet er viktig for at bestandane av større fisk, sjøpattedyr og fuglar held seg solide. 

Endringar i volumet på krillbestanden, eller i korleis krillen fordeler seg i dei store havområda, vil igjen medføre store endringar for alle artar som et det vesle dyret. 

I dag er det hovudsakleg Noreg, Kina, Sør-Korea og Chile som driv fiske etter krill i området. 

På grunn av nøkkelrolla krillen spelar i økosystemet, er det avgjerande at ein ikkje fiskar meir krill enn det som er forsvarleg. Forskarane sitt estimat inngår i kunnskapsgrunnlaget for kvotesetting.   

Gjeldande årleg kvote er på 620.000 tonn og det vert fiska om lag halvparten av dette. 

toktleder på båtdekk
Ynskjer seg fleire fullskala undersøkingar: – Vi treng meir kunnskap, og derfor fleire undersøkingar, seier forskar Bjørn Krafft. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

– Vi treng fleire slike tokt  

Det blir gjort årlege undersøkingar av krillbestanden i enkelte soner i Sørishavet, men fullskala undersøkingar har berre blitt gjort to gonger på nær tjue år – i år 2000 og i 2019. 

For å få meir kunnskap om tilstanden til den viktige krillbestanden, meiner toktleiaren at ein treng fleire slike fullskala undersøkingar.

Særleg viktig er det for å fange opp korleis klimaendringar som varmare hav kan påverke krillen. 

– I dag har vi berre to store målingar å samanlikne. Skal vi kunne forstå endringar i bestanden, må vi hyppigare kartlegge den, seier Krafft. 

pingviner på isflak
Dyreliv i Sørishavet: Pingviner utenfor King Georg island. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Referanse

Bjørn A Krafft, Gavin J Macaulay, Georg Skaret, Tor Knutsen, Odd A Bergstad, Andrew Lowther, Geir Huse, Sophie Fielding, Philip Trathan, Eugene Murphy, Seok-Gwan Choi, Sangdeok Chung, Inwoo Han, Kyounghoon Lee, Xianyong Zhao, Xinliang Wang, Yiping Ying, Xiaotao Yu, Kostiantyn Demianenko, Viktor Podhornyi, Karina Vishnyakova, Leonid Pshenichnov, Andrii Chuklin, Hanna Shyshman, Martin J Cox, Keith Reid, George M Watters, Christian S Reiss, Jefferson T Hinke, Javier Arata, Olav R Godø, Nils Hoem, Standing stock of Antarctic krill (Euphausia superba Dana, 1850) (Euphausiacea) in the Southwest Atlantic sector of the Southern Ocean, 2018–19, Journal of Crustacean Biology, Volume 41, Issue 3, September 2021, ruab046 
LENKE:https://academic.oup.com/jcb/article/41/3/ruab046/6374001?searchresult=1