Gå til hovedinnhold

Kongeleg besøk på «Dr. Fridtjof Nansen» i Bergen

Høgvyrde Kronprins Haakon gjekk tysdag om bord på «Dr. Fridtjof Nansen» for å ønske mannskapet hell og lykke. Snart set forskingsfartøyet igjen baugen mot eksotiske farvatn.

Kronprinsen er i Bergen i forbindelse med konferansen The Ocean, der også Havforskingsinstituttet deltar.

«Dr. Fridtjof Nansen», som eigentleg skal segle langs Afrikas kyst, er framleis i Bergen på grunn av koronapandemien. (Les også: «Dr. Fridtjof Nansen» returnerer til Norge)

– Ein inspirasjon for mannskapet

I haust vil fartøyet returnere til fjerne farvatn, og det kan då gå fleire tiår før vi eventuelt ser det i Noreg igjen. Dermed kunne Kronprins Haakon bruke høvet til å gå om bord frå norsk grunn og møte dei som held skuta på rett kjøl.

– Vi set stor pris på besøket. At jobben vi gjer i krevjande område av verda blir sett på denne måten, er ein inspirasjon for mannskapet, seier kaptein Tommy Steffensen.

Etter helserunde og synfaring på dekk med havforskingsdirektør Sissel Rogne, fekk Kronprinsen ei orientering om Nansenprogrammet av forskingsleiar Erik Olsen.

Bidrar med berekraftig havforvaltning i utviklingsland

Fartøyet skal hjelpe utviklingsland å få i gang økosystembasert fiskeriforvaltning. Det samlar då inn fysisk og biologisk informasjon frå havområda. Samtidig trener norske forskarar opp lokalt forskingspersonell om bord.

Nansenprogrammet er eit samarbeid mellom Norad, FAO og HI. 

Kronprins Haakon har faktisk vore om bord i ein "Nansen" før, i Ghana i 2011. Det var på fartøyet som i dag går på norske kysttokt under namnet "Kristine Bonnevie".

Dagens «Dr. Fridtjof Nansen» er nemleg tredje fartøy med same namn i Nansenprogrammet.

Del av havtiåret

Kronprins Haakon er opptatt av havtiåret, der god havforvaltning er løfta fram som eit bidrag til å nå FN sine berekraftmål.

Nansenprogrammet er tatt inn som ein offisiell del av tiåret. Kronprinsen har tidlegare besøkt vår forskingsstasjon i Arendal i samanheng med havtiåret. Sjå bilda frå besøket: Kronprinsen går havets tiår i møte