Publisert: 16.08.2022 Oppdatert: 17.08.2022
Penselkrabben Hemigrapsus takanoi kom først til Sør-Europa på 90-talet, og har sidan spreidd seg stegvis nordover.
I juli 2020 dukka den opp på Tjøme, og seinare Åsgårdstrand, Horten og Nesøya.
No har havforskarane funnen både ei ho og ein hann i Øyekilen ved Fredrikstad, på feltarbeid i helga.
– Vi fekk ei ho i teine første natta, og så kom det då ein hann, med fine penslar på klørne, i teina den andre natta. Vi fekk dei begge på same staden, fortel HI-forskar Vivian Husa.
Det er første gong arten har blitt dokumentert på austsida av Oslofjorden.
– Dette tyder på at penselkrabben no har blitt ein etablert art i heile fjorden, seier Husa.
Sjå kart over registrerte observasjonar i Artsdatabanken.
Havforskarane har vurdert at penselkrabben har stort invasjonspotensiale, då den kan fort bli talrik der den slår seg ned.
Krabben er vurdert til å ha relativt liten økologisk effekt, men er altetande og kan gi den «vanlege» norske strandkrabben konkurranse i matfatet.
Feltundersøkinga er ein del av eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet (HI), Norce, Universitetet i Bergen og Stavanger museum.