Publisert: 22.08.2022
Det viser eit nytt forsøk der 440 ville laksesmolt i løpet av to år blei utstyrt med akustiske merke. Med hjelp av lyttebøyer kunne forskarane dermed følgje vegvala utover i Altafjorden.
– Det kan sjå ut som laksen nærast er programmert til å velje den kortaste ruta når han startar på utvandringa, seier havforskar John Fredrik Strøm.
Han er ein av forskarane som i samarbeid med Lakseklyngen har undersøkt kva rute lakseungane vel når den skal på beitevandring i havet.
Inne i fjorden var laksen lite påverka av lokale miljøfaktorar, men dette endra seg etter kvart som den nærma seg ope hav:
– Då såg vi tydeleg at den valte den kortaste ruta med det kaldaste og saltaste vatnet, seier Strøm.
Ifølgje forskarane ser det ut som den unge laksen plukkar opp miljøsignal i form av straum, salt og temperatur frå storhavet medan den sym utover fjorden.
– Desse signala fortel truleg laksesmolten kvar den skal symje for å komme raskast frå elva og ut til havet, seier havforskaren.
Forsøket er gjort med laksesmolt, altså lakseungar som er klare for å starte livet i saltvatn etter å ha vakse opp i ferskvatn.
– Desse fiskane er forholdsvis små, berre 30 gram, og skal ut i havet på beitevandring. Når dei har vakse seg store kjem dei tilbake til elva for å gyte, seier forskaren.
For forskarane er det særs viktig å finne ut kva veg laksen vel, blant anna fordi vegvalet kan bety økt dødelegheit, dersom vandringsruta går gjennom område med mykje lakseoppdrett.
J.L.A. Jensen, J.F. Strøm, A. Nikolopoulos, R. Primicerio, J. Skarðhamar, B.J. Atencio, J.E.T. Strand, P.A. Bjørn, T.Bøhn, Micro- and macro-habitat selection of Atlantic salmon, Salmo salar, post-smolts in relation to marine environmental cues, ICES Journal of Marine Science, Volume 79, Issue 4, May 2022, Pages 1394–1407