Gå til hovedinnhold

Det grøne skiftet må vere eit samarbeid


Nils Gunnar står under paraply og smiler.
Fotograf: Eivind Senneset / HI

Gjestekommentar i Fiskeribladet 25. januar: Som samfunn forvaltar vi store ressursar. Tillit er kanskje den aller viktigaste.

Ved overgangen til det nye året starta eg som ny direktør for Havforskingsinstituttet. I samanheng med beiteskiftet frå Universitetet i Bergen har eg naturleg nok reflektert ein del over rolla som HI speler i samfunnet.

HI har alltid vore viktig for Noreg, men min påstand er at dei utviklingstrekka vi no ser i samfunnet rundt oss, vil gjere instituttet endå meir sentralt i tida som kjem. Det stiller krav til oss som institusjon.

Det er i alle fall to hovuddrivarar som bidrar til denne utviklinga. Den eine er vekst.

Det er eit politisk mål at inntekter frå vekst i marine næringar på kyst og til havs skal erstatte nedgangen i inntekter frå petroleumsaktiviteten.

I 2021 eksporterte Norge 3 millionar tonn sjømat til ein eksportverdi på 120 milliardar kroner. Laksen stod for over 80 milliardar av desse kronene. I oppdrettsnæringa er det som kjent store vekstambisjonar, og det gjer at levande ressursar frå havet vil bety meir for nasjonaløkonomien framover.

Ein annan drivar er det grøne skiftet.

Utfordringane knytt til artsmangfald, klima og forureining gjer at det kjem sterkare krav om berekraft også i dei marine næringane.

Ikkje berre skal miljø- og klimaavtrykket vere lågt, men aktiviteten samla sett må vere både fornybar og helst bidra til at den biologiske pumpa aukar CO2-opptaket i havet. Det grøne skiftet til havs er med andre ord kjempeambisiøst.

I tillegg legg auka næringsaktivitet og press på kyst- og havareal grunnen for større interessemotsetnader og konfliktnivå. Vi kjem også til å oppleve meir politisering og polarisering etter kvart som det grøne skiftet skal realiserast for fullt.

Kva betyr så dette for HI? Ein treng ikkje vere spåmann for å føresjå at det oftare vil bli stilt spørsmål ved vår kunnskapsproduksjon, våre råd og vurderingar. Forskinga vår blir ikkje mindre stresstesta når meir står på spel.

Dermed er det viktigare enn nokon sinne at vi som gir kunnskapsgrunnlaget har tillit. Og i vår sektor er tillit = kvalitet. Vi er opptekne av å styrka kvaliteten i alt arbeidet vi gjer – eit arbeid vi ikkje er eller kan bli ferdige med.

Vi må stadig henga i for å oppretthalda tilliten i ei tid prega blant anna av populisme og «fake news».

Samarbeid bygger opp under både tillit og kvalitet. Samarbeid mellom ulike fag, tilnærmingsmåtar og forskingsinstitusjonar og mellom oss som institutt og andre aktørar i samfunnet.

Å vere samarbeidsorientert er alltid ei god grunnhaldning. Og no som naturgrunnlaget er i endring, er dette enno viktigare. Vi har god forståing av både klimakrisa og naturkrisa, men det er ikkje nok for å løyse desse krisene.

Den negative utviklinga akselererer, og vegen frå innsikt til praktiske tiltak i samfunnet må skje fortare. I åra som kjem må vi få fart på arbeidet med tilpassing og førebygging. Det har vi vel skjønt ei stund, men kvifor er det så vanskeleg å gjere noko når vi forstår og kjenner alvorsgraden?

Éin av grunnane til dette er at når slike tiltak kjem på dagsorden, blir ofte problemstillingane mykje breiare og meir samansette. Ta til dømes vindkraftutbygging på land, som isolert sett er eit effektivt klimatiltak.

Kvifor får ein ikkje befolkninga med på slike tiltak som er teknologisk gjennomførbare? Det må i mykje større grad bli eit felles ansvar å få til konkrete, aksepterte løysingar på tvers av ei lang rekke forskingsmiljø, politiske aktørar, institusjonar, land og regionar.

Dette må vi ta med oss i planlegginga av vindkraft og annan ny industri til havs. Her er det viktig å få kartlagt konsekvensar for økosystem og andre næringar på ein skikkeleg måte. Berre slik kan ein få avklara fordelane, ulempene og mogelege konfliktar, og koma fram til løysingar som står seg.

Som ein stor kunnskapsaktør og medspelar for å finna løysingar, meiner eg sterkt at vi på HI må venda oss utover og ha låge murar mot omverda. Forskinga og rådgivinga vår blir betre av at vi speler på lag og får innspel utanfrå.

Ikkje minst er vi avhengige av innspel frå næringane, blant anna gjennom Referanseflåten, Fangstprøvelotteriet og forvaltningsdugnaden – glitrande døme på sektorovergripande samarbeid.

Meir av dette trengst for at vi skal lykkast med ambisjonen om heilskapleg forvalting av ressursane i havet og langs kysten. Eg ser fram til å jobba vidare med desse sakene – og gler meg til å treffa dei mange og viktige aktørane som jobbar langs og på kysten og havet!