Publisert: 03.01.2022 Oppdatert: 13.01.2022
Nils Gunnar Kvamstø (57) gler seg over å ta fatt på eit seks års åremål, ved roret ved Havforskingsinstituttet.
– Eg er begeistra, stolt og motivert til å ta fatt på jobben saman med dei dyktige tilsette på instituttet. HI er eit av dei største marine forskingsmiljøa i Europa, og viktige for samfunnet vi lever i, verda rundt oss og dei utfordringane vi står overfor: Målet om berekraftig ressursforvalting, klimaendringane og vern av naturmangfald. God havforvaltning må baserast på forsking og kunnskap, som nettopp HI leverer til samfunnet, seier Kvamstø.
Nils Gunnar Kvamstø er vaksen opp i Arna utanfor Bergen, utdanna meteorolog og professor i faget.
Han kjem til HI frå stillinga som marin dekan ved Universitetet i Bergen, der han har hatt ei lang og innhaldsrik karriere, både som forskar og leiar.
Han har mellom anna arbeidd med klimamodellering og -analyser, og var sentral i oppbygginga av klimamodelleringsaktiviteten ved Bjerknessenteret for klimaforsking og i etableringa av Bergen Offshore Wind Center.