Gå til hovedinnhold

Agnalt 7

Vil hjelpa fram berekraftig matproduksjon

Klima og miljøpåverknad blir viktige fokusområde for Ann-Lisbeth Agnalt i den nye rolla hennar som leiar for havbruksgruppa i ICES.

– Akvakultur blir viktigare og viktigare som matvareproduksjon. Dermed blir det også viktigare og viktigare at produksjonen er berekraftig, seier Agnalt.

Ved nyttår tok havforskaren over som leiar for styringsgruppa for nettopp akvakultur i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Ho er dermed «overkikador» for alt arbeidet med havbruk i ICES – ein organisasjon som tel 20 medlemsland på begge sider av Nord-Atlanteren.

Mykje er forskjellig i havbruket i desse landa. Mens Noreg, Skottland og Irland er store på laksefisk, er skjeloppdrett større på kontinentet og i USA.

– Ein driv med ulike artar og ulike produksjonsformer, og dermed har ein ulike utfordringar. Men det er nokre felles problemstillingar og mykje å lære av kvarandre likevel, seier Agnalt.

Les også: Dette er ICES

Klimarobust oppdrett?

Ei problemstilling som ingen kjem utanom, er dei raske endringane i jorda sitt klima.

– Det blir varmare og surare hav, meir ekstremvêr og fleire lommer med lågt oksygennivå. Klimaendringar kan også påverka førekomst av sjukdom og sårbarheit for sjukdom. Framover blir det viktig å belysa kva effektar dette kan gi, og korleis havbruket kan bli klimarobust, seier Agnalt.

Som eksempel nemner ho at østersoppdrett i USA allereie har fått problem med lågare pH-nivå i havet, som bokstavleg tala forsurar livet til skjel og andre dyr som dannar skal.

Der ser dei no etter genetiske variantar som kan vera meir motstandsdyktige.

Skjel er per i dag ikkje noka stor næring i Noreg, men det kan endra seg; skjelproduksjon vert nemleg trekt fram som eit alternativ med lågt klima- og miljøavtrykk.

– Lågtrofisk akvakultur, altså oppdrett av artar lenger nede i næringskjeda, kjem stadig opp hos oss også. Men der er det andre land som er i bresjen. Då kan vi lære av dei, og unngå tabbane dei har gjort, seier Agnalt.

Les meir på temasida: Nye artar i oppdrett

Vil vita, ikkje synsa

ICES er kanskje mest kjend for å gi kvoteråd for dei store fiskebestandane i Nord-Atlanteren. At dei også jobbar med akvakultur er ikkje noko nytt, men merksemda har auka i takt med veksten i havbruket i medlemslanda.

Styringsgruppa for akvakultur blei oppretta i 2017, og Agnalt er berre den andre som har hatt leiarvervet. Ho overtok etter amerikanaren Michael Rust. Under styringsgruppa finst det ei handfull meir spesialiserte ekspertgrupper som fokuserer på tema som sjukdom, fôr og økologisk berekraft.

Som leiar for styringsgruppa er Agnalt talerøyr for desse ekspertgruppene inn mot sentrale prosessar i ICES – og motsett. Ho er også medlem i den viktige vitskapskomiteen i ICES (SCICOM), som passar på at arbeidet i organisasjonen held høgste vitskaplege kvalitet.

Det å sjå korleis forskinga kan bidra til meir berekraftig matproduksjon er noko av det som motiverer Agnalt for vervet.

– Utan vitskap blir det berre fabuleringar. Då kan ein synsa og tru så mykje ein vil, seier ho.

Les også: Havforskningstiåret 2021–2030

Kvinne i mørk frakk står med ryggen til og ser ut mot sjøen, grått regnvêr.
– Eg har røter i Nord-Noreg og har alltid vore tiltrekt av havet, seier Ann-Lisbeth Agnalt frå Sarpsborg om kvifor ho blei havforskar. Fotograf: Runar B. Mæland / HI

Vil både forska og gi råd

Variert erfaring frå forsking og rådgiving i inn- og utland var bakgrunnen for at Agnalt blei nominert til vervet som «chair», som første nordmann og kvinne. Ho skreiv i si tid hovudoppgåve om makrell, og jobba fleire år ved FNs matorganisasjon FAO før ho blei tilsett ved Havforskingsinstituttet i 1996.

Her har ho først og fremst forska på krepsdyr og blant anna studert miljøeffektar av legemiddel som blir brukt i oppdrettsnæringa.

Rundt tusenårsskiftet var Agnalt med og utvikla retningslinjer for havbeite i Noreg. Seinare har ho vore involvert i utviklingsprosjekt i Cuba og Mosambik, også det knytt til havbruk. Ein periode leia ho snøkrabbeforskinga ved HI, og ho sit framleis i ekspertgruppa for krabbe i ICES.

Agnalt fortel at ho trivst med å pendla mellom å forska og å utarbeida råd.

– Ein må drive god forsking for å kunne drive god rådgiving. Viss du gløymer det eine, går det ut over kvaliteten på det andre.

Samlar kunnskap og råd

Ei av oppgåvene som ventar i ICES er at det skal utarbeidast ein serie rapportar om status og framtidsutsikter for havbruket i ulike hav- og kystområde, såkalla akvakulturoversyn. Det første kom like før jul og tar for seg «økoregion Norskehavet» – i praksis norskekysten frå Møre til Vesterålen. Både biologiske, teknologiske, miljømessige og sosioøkonomiske sider ved næringa er med. Terje Svåsand ved HI hadde ei sentral rolle i pionerarbeidet.

– Det har fått veldig mykje skryt, og blir brukt som ein mal for korleis dei andre akvakultur-oversyna skal utformast. Neste kjem i 2022 og dekkjer Det keltiske havet, seier Ann-Lisbeth Agnalt.

Liknande oversyn har tidlegare vore publisert for fiskeri, eit fagområde der ICES til no har vore meir synlege. Arbeidet er eit ledd i å ta ei liknande rolle også innan akvakultur.

– Fiskebestandane er ofte felles, og då må ein ha felles rådgiving om kor mykje ein skal hausta. Oppdrett er ikkje felles på same måten. Eit skjeldyrkingsanlegg i Frankrike er ikkje delt med nokon andre, det er knytt til den lokale naturen. Rådgivinga til ICES er difor ikkje like synleg. Dei felles oversyna er ein måte å gå framover med det på, og avdekke felles problemstillingar, seier Agnalt.

Les meir om akvakulturoversynet: Har samla kunnskap om havbruk ved Norskehavet

 

Sidepanel

Kontakt