Gå til hovedinnhold

Det internasjonale makrelltoktet går i gang


foto av fiskebåten 'Vendla' på sjøen

Arkivfoto av fiskebåten "Vendla" på samme oppdrag for HI.

Fotograf: Kjartan Mæstad / HI

I fem veker skal havforskarane dekke ti gonger Norge sitt landareal i jakta på makrellen

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» legg ut frå Bergen 5. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island, Grønland og EU (Danmark).

Betydeleg kartlegging

– Over fem veker skal vi kartlegge eit område på om lag 3 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Leif Nøttestad, havforskar og koordinator for det internasjonale toktet.

For makrellbestanden har ei enorm utbreiing i Atlanterhavet. Men dei siste åra har både utbreiinga og bestandsstorleiken hatt ein nedgåande trend; den har hatt ein tendens til å trekke ut av grønlandske og islandske farvatn, og vart funnen stadig meir nordleg i Norskehavet.

Følger etter stadig lenger nord

– Dei siste åra har det vore mykje makrell heilt nord i Jan Mayen-sonen og til dels sørvest ved Svalbard inn i Framstredet. Så langt nord har vi ikkje greidd å følge makrellen til nullinja, altså til punktet det sluttar å vere makrell. Det er uvisst om vi greier det i år også, dels på grunn av eit noko redusert tal toktdøgn, seier Nøttestad.

Han poengterer òg at endringane i makrellens utbreiing er satt under lupa blant fleire forskarar både i Norge og internasjonalt, som stadig jobbar med å forstå dei underliggjande årsakene til denne variasjonen i vandring. I så måte leverer dette toktet heilt sentrale data til den pågåande forskinga.

Men hovudformålet med toktet er bestandsvurdering. Det årlege tråltoktet etter makrell er éin av fleire viktige indeksar forskarane brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det vi kallar eit kvoteråd.

Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell var på 3,5 millionar tonn.

Ekstra makrellfokus i sommar

– No som det er manglande kvoteavtale om makrellen, og Norge framleis ikkje får tilgang til å fiske bestanden i britisk sone, så vil det nok bli ekstra fokus og interesse også i sommar frå makrellfiskarar med fleire på makrellens utbreiing i Norskehavet, seier Nøttestad.  

Havforskingsinstituttet vil legge ut undervegsoppdateringar frå toktet på nettsida vår hi.no

Målar med trål og akustikk

Makrellen har ikkje svømmeblære og står om sommaren spreidd i mindre stimar nær overflata i jakta på dyreplankton. Då gir han svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han om sommaren, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med ein spesialdesigna trål.

Fartøya registrerer også fleire andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule. Desse indeksane blir sju år gamle etter årets tokt. Då er tidsseriane lange nok til at ICES kan evaluere dei, og vurdere å ta dei inn som kunnskapsgrunnlag i bestandsrådgjevinga for norsk vårgytande sild og kolmule.

Er også eit økosystemtokt

– Mens vi likevel er på eit så omfattande tokt, brukar vi høvet, så sant vi har tid og anledning, til å overvake ei rekke forhold i økosystemet. Det er sild og kolmule, hestmakrell, rognkjeks, Atlantisk laks, kval og dyreplankton. Frå kikkert til mikroskop, med andre ord, seier Nøttestad.

– Det kjem mange forskingsbestillingar både nasjonalt og internasjonalt som vi blir spurde om å utføre i løpet av dette toktet. I år vil vi fortsette å merke til saman 200 rognkjeks om bord på «Eros» og «Vendla» for å studere vandringane til denne spennande arten.

Vidare blir det fokus på å samle inn øyresteinar og genetiske prøver til nye metodar for å skilje ulike sildebestandar, eigne undersøkingar av parasitten Kudoa thyrsites som gir "gelémakrell" og kvalitet på makrellen, og innsamling av makrell i Norskehavet for genetisk identifikasjon av mageinnhaldet.

I tillegg kjem omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 5. august.