Publisert: 13.07.2022 Oppdatert: 13.01.2023
– Havvindparkar legg beslag på store areal. Derfor er det fornuftig å finne gode måtar for fleirbruk av desse områda, seier forskingsleiar Erik-Jan Lock.
Og dette er EU samd med han om.
Dei har nemleg bestemt seg for å gi prosjektet OLAMUR ei finansiering på om lag 84 millionar kroner over fire år, som eit såkalla fyrtårn-prosjekt. Det er prosjekt som skal gi konkrete, berekraftige løysingar til nye industriar. (Sjå faktaboks.)
Glad og spent HI-forskar Erik-Jan Lock skal leie heile sulamitten.
– Havvind kjem som ei kule – det er sikkert. Korleis kan vi då utnytte det best mogleg? I vårt prosjekt skal vi etablere tre pilotanlegg for å dyrke tare og blåskjel i eksisterande vindparkar, og også ved eit oppdrettsanlegg for regnbogeaure, seier Lock.
Vindparkane er utanfor Helgoland og aust for Danmark i Kattegat. Oppdrettsanlegget er utanfor Estland. (Sjå faktaboks) Alle ligg i farvatn som er næringsrike på grunn av avrenning og befolkningstettleik.
– Vi skal sjå på tekniske løysingar, følge kvaliteten på produkta, men også sjå på andre sider som kan få fortgang på fleirbruk av vindparkar, slik som regelverk og formalitetar.
– Målet er at pilotanlegga skal være læring for både industri og myndigheiter, seier Lock.
Ettersom det likevel ikkje går føre seg fiske i vindparkar, kan ein sjå på dei som reservat. Gjennom OLAMUR skal forskarane også sjå kva som skjer om dei lagar kunstige rev der.
– Eit anna fleirbruksområde kan tenkast å vere leveområde for artar, eller eigne økosystem, forklarer Lock.
Han trekker parallellar til hummarreservat, som kan fungere som ei fødestove for område også utanfor reservatet.
– Så kan det naturlegvis vere negative sider ved dette som vi også vil undersøke. Som for eksempel mogleg spreiing av framande artar, legg han til.
Havforskingsinstituttet sin del av OLAMUR har ei finansiering på om lag 13 millionar kroner.
HI står som prosjektleiar, men har også ein eigen arbeidspakke som inneber å:
– Vi er svært glade for tilslaget frå EU, og gler oss til å gå i gang med dette spennande prosjektet, seier Lock.