Publisert: 10.09.2020 Oppdatert: 12.09.2023
Det første havvindanlegget vart etablert utanfor Danmark allereie i 1991. Seinare har blant andre Kina, Japan, Tyskland, Storbritannia og USA bygd ut havvindparkar.
23. august 2023 opna Noregs første havvindpark, Hywind Tampen i Nordsjøen
Den raske veksten gjer det naudsynt å skaffe meir og betre kunnskap om moglege effektar av havvind på miljø og liv i havet.
Viss fornybar energi frå havvind erstattar fossil energi, kan det bidra til å redusera utsleppa av klimagassar.
Menneskeskapte klimaendringar påverkar marine miljø og økosystem på ei rekkje måtar, blant anna gjennom oppvarming, havnivåstiging, havforsuring og endra havstraumar.
Desse endringane er allereie i gang, men reduserte klimagassutslepp kan redusere tempoet og avgrense omfanget.
Vindturbinar til havs har så langt mest blitt monterte fast på havbotnen. I framtida blir flytande turbinar vanlegare. Også desse treng forankringar. Utbygging kan difor skada flora og fauna på havbotnen, inkludert fiskeartar som lever og gyter der.
HI har rådd frå utbygging av havvind i område som er viktige for lodde og tobis, som legg egg i sandbotnen.
Sprengingsarbeidet under utbygging kan skremma marine organismar i eit område rundt sjølve installasjonane, på same måten som seismikkskyting.
HI rår til å unngå sprengingsarbeid som kan forstyrra til dømes gytande fisk, og til å bruka avbøtande tiltak som boblegardin.
I driftsfasen produserer vindturbinar støy så lenge rotorblada går rundt. Denne bakgrunnsstøyen kan forstyrra kommunikasjonen mellom marine organismar som til dømes brukar lyd under gyting.
Det er behov for fleire akustiske målingar for å kartlegga kor høg støyen frå anlegga er, kor langt han rekk og korleis han påverkar fisk og dyr.
Kablane som fører straumen frå vindturbinane til land lagar elektromagnetiske felt på havbotnen.
Det kan påverka orienteringssansen til fisk og andre dyr som er følsame for elektromagnetiske signal, blant anna bruskfisk som skate og hai. Dermed kan det potensielt forstyrra migrasjon og beiting for desse dyra i eit område rundt kabelen.
Studiane som er gjennomført per i dag viser relativt marginale effektar av elektromagnetisk forstyrring på marine organismar, men det er stort behov for meir kunnskap om dette.
Vindturbinar og forankringar er stengsler i sjøen, men dei fungerer moglegvis også som kunstige rev. Det kan veksa algar og skjel på dei, og dei kan trekkja til seg fisk og andre dyr som søkjer ly eller føde. Spesielt i opne havområde med blaut botn kan dei bidra til å auka det biologiske mangfaldet.
Dette er grunnen til at kunstige rev har blitt plassert ut mange stader. På den andre sida kan slike rev også fungera som springbrett for framande artar, slik at dei kan spreia seg til nye område der dei ikkje høyrer naturleg heime.
Ein gjennomgang av nyare forsking konkluderte med at mange fiskeartar finst i større mengder innanfor havvindparkar enn i havområda rundt. Det er framleis usikkert om det er fordi fiskane samlar seg rundt turbinane, eller om bestanden totalt er blitt større.
Havforskningsinstituttet gir kvart år ut ein rapport med oppdatert kunnskap og råd om seismikk og annan menneskeskapt støy i havet. Frå 2021 inneheld rapporten også råd om havvind. Sidan kunnskapen framleis er mangelfull, er det sannsynleg at råda vil endrast etter kvart som meir kunnskap kjem til.
HI anbefalar at det blir utforma ein standardisert protokoll for havvindanlegg tilpassa norske forhold. Ein slik protokoll bør omfatta grundige undersøkingar av områda før utbygging, samt overvaking av både fysiske og biologiske endringar under drift og etter avvikling av anlegga. Innsamla data bør vera opent tilgjengelege.
HI rår førebels frå utbyggingar i område som er spesielt viktige for enkelte artar, som gyteområde for fisk. Utbygging bør også unngåast i område som er spesielt sårbare eller verdifulle for det marine økosystemet.
HI anbefalar bruk av støydempande tiltak som boblegardin under utbygging. Utbyggingsarbeid bør ikkje skje i gyteperiodar for fisk eller beite- og kasteperiodar for sjøpattedyr i og nær område dette er aktuelt. HI rår også til å bruka materiale som gir minst mogleg støy ved fortøying av flytande turbinar.
Sjå meir i rapportane: