Gå til hovedinnhold

Får støtte til nytt havvind-prosjekt


Seks forskarar står ute på ein veranda, med Vågen og Bryggen i Bergen i bakgrunnen.

Glade for forskingsmidlar: frå venstre HI-forskarane Karen de Jong, Lise Doksæter Sivle, Anne Christine Utne Palm, Geir Pedersen, overingeniør Sigurd Hannaas og postdoktor Kate McQueen.

Fotograf: Runar Bjørkvik Mæland / HI

Forskingsrådet gir 12 millionar kroner til HI-prosjektet WindSys. No skal forskarane finne ut meir om korleis flytande vindturbinar i Nordsjøen påverkar fiskebestandar.

– Utviklinga innan havvind skjer veldig raskt. Vi vil bruke den første havvindparken i Noreg til å skaffe kunnskap om effektar av flytande turbinar, slik at denne kunnskapen kan brukast ved planlegginga av seinare utbyggingar, seier prosjektleiar Karen de Jong.

WindSys-prosjektet er eit samarbeid mellom forskingsinstitusjonar, næringsaktørar og forvalting. Måndag kunngjorde Forskingsrådet at prosjektet får 12 millionar kroner i støtte, som del av ei større tildeling til energiomstilling. Les meir i pressemeldinga: 528 millioner kroner til nye prosjekter skal drive det grønne energiskiftet (forskningsradet.no)

Sentrale partnarar i prosjektet er HI, UiB, NINA, SINTEF, Runde miljøsenter, Fiskeridirektoratet, Fiskebåt og Equinor. Norges fiskarlag, Norsk olje og gass, NVE og Miljødirektoratet er involverte som interessentpartnarar, saman med forskingsinstitusjonar i Skottland, Nederland og Tyskland.

Prosjektleiar Karen de Jong har med seg forskarar både frå økosystemakustikk, fangst, populasjonsdynamikk og oseanografi i prosjektet.

Fokus på pelagisk fisk

Målet for prosjektet er å finne ut korleis økosystemet reagerer når Equinor byggjer ut Hywind Tampen-anlegget i Nordsjøen. Fokus er på dei pelagiske fiskebestandane, som sild og makrell.

Hywind Tampen skal bestå av 11 flytande vindturbinar, forankra til botnen med sugeanker. Det blir blir den andre flytande vindparken i Nordsjøen, etter Hywind Scotland, og den første i norsk sone.

– Det finst ein del kunnskap internasjonalt om effektar av botnfaste havvindmøller, der ein ser at spesielt botnfisk samlar seg rundt fundamenta. Men det manglar kunnskap om effektar av flytande havvind på pelagisk fisk, seier Karen de Jong.

Skal setje ut observasjonsplattform

Første steg i prosjektet blir å plassere ut ein observasjonsplattform som skal samle data frå Tampen-anlegget. Plattforma består av ein modul med ekkolodd og mikrofon som skal stå fast på havbotnen, og ei større flytebøye utstyrt med kamera og ulike sensorar.

Målet er å sjå om turbinane fungerer som såkalla «fish aggregating devices» (FAD) som trekkjer til seg pelagisk fisk, og om dette fører at fiskebestandane blir større. Kamera vil også fanga opp interaksjonar mellom fisk og sjøfugl. I tillegg vil effektar av støy og oppvelling bli studert.

FAD-installasjonar blir brukte i pelagiske fiskeri i sørlege strøk for å trekkje til seg fisk. Det er første gong liknande installasjonar blir prøvd ut til forsking av denne typen.

– Det blir kjempegøy å sjå om det fungerer, seier Karen de Jong.

Samlar data frå tokt og fiskeri

I tillegg til data frå observasjonsplattforma skal forskarane få data gjennom tokt med forskingsfartøy og dronar, for å følgje utviklinga i eit større område rundt vindparken.

Tidlegare i år var Havforskingsinstituttet på kartleggingstokt med Equinor på Tampen for måle kor mykje og kva slags fisk som er i området. Dette gir eit grunnlag for å samanlikne data frå før og etter at vindparken blei sett i drift. Også data frå fiskeriflåten vil gå inn i prosjektet.

Målet til forskarane er å utvikle ein modell som kan brukast til å vurdere ulike scenario ved planlegging av etablering av vindparkar til havs.

– Sidan dette er den første norske havvindparken har vi stort fokus på metodeutvikling. Tampen blir vårt testområde for å utvikle metodar og modellar for å vurdere miljøpåverknad og sameksistens med fiskeri, seier de Jong.

Styrkar eksisterande forsking

I april i år starta det HI-leia prosjektet «Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring», med finansiering frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfiansiering (FHF).

Runde Miljøsenter, Fiskeridirektoratet, SINTEF og UiB (Bergen Offshore Wind Centre) er partnarar i dette prosjektet, som går fram til april 2023.

Forskarane skal blant anna intervjue fiskarar i dei aktuelle havvind-områda for å få kunnskap om potensielle effektar på fiskeria. Dei skal også samle inn kunnskap og erfaringar frå andre land. Resultata vil gå inn i det større WindSys-prosjektet.

I revidert statsbudsjett for 2022 vedtok Stortinget å løyve 10 millionar kroner ekstra til HI til forsking på miljøeffektar av havvind. HI er i gang med å gi innspel på bruken av desse midlane.