Gå til hovedinnhold

Finn unormale algegifter i skjel fleire stader på Vestlandet


foto av blåskjell under vann

Arkivfoto: Blåskjel lever av å filtrere partiklar frå sjøvatnet. Derfor kan også uhumskheiter hope seg opp inni dei.

Fotograf: Arnbjørg Aagesen / Havforskningsinstituttet

– Det er eit uvanleg alge-år, seier forskar.

I sommarhalvåret blomstrar algane i sjøen. Nokre av dei lagar gift som kan samle seg opp i skjel. 

– På fleire stader finn vi no både nervegifta PST og diarégifta DST i skjel. Den første er ganske standard for årstida, men diarégifta er som regel meir aktuell om hausten, fortel havforskar Lars-Johan Naustvoll.

Mattilsynet tar jamlege prøver av blåskjel og algeprøver på faste stader langs kysten, som HI analyserer. Resultata går inn i det offentlege blåskjelvarselet (sjå faktaboks) som fortel om skjel frå ditt område er trygge å ete.

Prøvetakingsstasjonar i området frå Øygarden til Fjaler er for eksempel råka i dei siste målingane i mai.

Våroppblomstringa fisla vekk

Algearten Dinophysis acuta lagar gifta som gir deg diaré. Denne algen er eigentleg ein typisk haust-blomstrar.

– Artane kjem ikkje i den vanlege rekkefølga i år. Den årlege våroppblomstringa drygde og drygde, og kom aldri heilt ordentleg i gang. I staden fekk vi ein del «rask» som vi normalt ventar om hausten. Deriblant den vesle diarégivaren Dinophysis, seier Naustvoll.

Nærbilde av algen Dinophysis acuta

Nærbilde av algen Dinophysis acuta. Hovudprodusent av algegifta DST som kan samle seg opp i skjel og gi "Diarrhetic Shellfish Poisoning". Foto: Havforskingsinstituttet

(LES OGSÅ: Unormal vår i havet i år)

Slike år er sjeldne, men kjem innimellom, skal vi tru forskaren.

Nervegift er meir vanleg på denne tida

– Men så har vi i tillegg dei heilt vanlege vår-problema med nervegifta PST på Vestlandet og nordover. Den er det Alexandrium som produserer, ein alge av typen fureflagellat. Dette har halde på sidan april, og plar normalt sett å ta slutt i løpet av mai, seier Naustvoll.

I moderate mengder gir PST prikking i huda på leppene og rundt munnen. I svært alvorlege tilfelle kan gifta lamme pustemuskulaturen. Då treng pasienten respirator.

Hardangerfjorden er turkis – ein månad før tida

Mange fjordar blir kvart år farga turkise av kalkplatene til den ufarlege algen Emiliania huxleii. Dette blir synleg frå verdsrommet. (LES OGSÅ: Derfor blir fjorden grøn)

I år var Hardangerfjorden uvanleg tidleg ute.

– Hardangerfjorden og Sognefjorden plar vere først ut i starten av juni. Men i år var det i gang i starten av mai. Her har nok vêret vore avgjerande, seier Naustvoll.

satellittbilde av Hardangerfjorden med algeoppblomstring

Satellittbildet viser kalkalgeoppblomstringa i Hardangerfjorden, tatt i klarvær 16. mai. (Foto: NASA Worldview data)

Kjem kraftig, men dabbar raskt av?

Kalkalgane treng sol og lite vind. Då får dei ligge i fred og blomstre i dei øvste 10 metrane.

Men kalkalgane kjem gjerne hardt, men kort. Dei brukar nemleg fort opp næringssaltane dei er avhengige av.

– I år har det derimot vore litt uvanleg og tidleg snøsmelting. Då får fjorden tilført meir næring til algane. Så det blir vanskeleg å føreseie noko, forklarer forskaren.

Kan skade fiskelukka

Kalkalgen er harmlaus, men kan likevel vere til bry. Den gir elendig sikt for dei som likar å dykke, og kan også gi dårleg fiske.

– Vi har mange rapportar frå fiskarar som tilseier at fisk trekker ut av fjorden. Det er nok også på grunn av sikta. Fiskane jaktar i hovudsak med synet, seier Naustvoll.

Foto av Hardangerfjorden sett fra båt
Oppblomstring av kalkalgar gjer sjøen "melkeblå", og fenomenet er dermed svært synleg for kystfolk. Her er Hardangerfjorden sett frå båt under feltarbeid ved Øystese, mai 2022. (Foto: Irene Huse / HI)