Gå til hovedinnhold

Gytetorsk stakk ikkje av då forskarane skaut med seismikk

I to år har forskarane utsett torsk for kraftige smell frå luftkanonar under gytesesongen og spora åtferda deira. No er resultata frå forsøket klare.

– Me fann ingen indikasjonar på at torsk forlét gytestaden tidleg på grunn av støyen frå luftkanonane, seier postdoktor Kate McQueen ved Havforskingsinstituttet (HI).

Ho og forskarkollegaene har no publisert resultata frå forsøket der nesten 200 torskar blei merka med akustiske sendarar og utsette for seismikk under gytinga. Lyttebøyer i sjøen har registrert torsken sine rørsler inn og ut av gyteområdet.

Data frå testområdet er samanlikna med data frå eit seismikk-fritt kontrollområde.

Såg inga endring i utvandring

Resultata, som er publisert i ICES Journal of Marine Science, tyder på at torsken ikkje er like «lettskremd» som ein tidlegare har trudd:

  • Den merka torsken forlét gytestaden gradvis i løpet av gytesesongen, og det var inga endring knytt til støyen frå luftkanonane.
  • Torsken i kontrollområdet forlét gytestaden like raskt som torsken i testområdet.

– Dette tyder på at seismiske undersøkingar på ein viss avstand ikkje vil skremma gytetorsk vekk frå viktige gyteplassar, seier havforskar Kate McQueen.

Forsøka blei gjort i gytesesongen i 2020 og 2021 i Bakkasund i Austevoll kommune.

Reagerer ulikt i ulike område

Studien inngår i SpawnSeis-prosjektet som blei sett i gang for å skaffe meir kunnskap om korleis seismiske undersøkingar påverkar gytetorsk. Seismikk blir i hovudsak brukt for å leite etter olje og gass, og går ut på å sende kraftige lågfrekvente lydbølgjer mot havbotnen.

Basert på resultat frå tidlegare studiar har Havforskingsinstituttet gitt råd om å unngå seismikk i ein buffersone rundt kjende gyteområde i gytetida.

– Ein tidlegare studie tyda på at støyen frå luftkanonane skremde torsken bort frå området. Men denne studien var gjort i eit beiteområde på ope hav, seier Kate McQueen.

Ho peikar på at reaksjonen på seismikk kan variera mellom område og periodar.

– Gyting er ein svært viktig periode for torsk, så dei kan velja å bli på gyteplassane trass i forstyrringa frå dei seismiske luftkanonane, seier forskaren.

Kan få konsekvensar for rådgiving

Havforskingsinstituttet gir kvart år ut ein rapport med råd om seismikk og annan menneskeskapt støy i havet. Funna frå Austevoll-forsøket vil bli vurderte når forskarane skal utarbeida framtidige råd, fortel forskar Lise Doksæter Sivle, som er ansvarleg for rådgivinga.

– Som følgje av denne studien vurderer HI no å endra rådgivinga frå å tilrå ei fast buffersone rundt gyteområda på 20 nautiske mil til heller å ha ei lydgrense som ikkje bør overskridast inne i gyteområdet, fortel ho.

Denne grensa vil då bli lik støynivået torsken i forsøket blei utsett for, som altså ikkje førte til at torsken stakk av.

– Dette blir derfor rekna som ei sikker grense for støy som fisk kan utsetjast for utan risiko for at dei forlèt gyteplassen, forklarer Sivle.

Det er kjent at fiskar flest høyrer godt. Mange brukar også lyd til å kommunisere. Ulike fiskeartar har likevel ulik høyrsel, og vil difor kunne reagere ulikt på eit gitt støynivå. I SpawnSeis-prosjektet er torsk brukt som modell-art.

– Vi antar at resultata vil vere overførbare til andre, liknande fiskeslag med nokolunde same levesett og høyrsle, som hyse og sei, seier Sivle.

Råd for 2023 blir publisert på nyåret etter behandling i HI sin rådgivingskomité. Ei eventuell endring i rådgivinga vil først bli gjort som ei prøveordning.

Bilde av Kate og Lise som står og snakkar på dekk på ein båt.
Kate McQueen (til venstre), Lise Doksæter Sivle og kollegaene har fleire aktivitetar på gang for å finne ut meir om korleis seismikk kan påverke fisk i gyteperioden. Fotograf: Runar B. Mæland / HI

Forskar vidare for fleire svar

Sjølv om torskane i forsøket ikkje forlét gyteplassen, kan likevel ikkje forskarane utelukka at seismiske undersøkingane forstyrrar fisken på andre måtar.

– Det kan henda at torsken reagerer på måtar me ikkje klarte å oppdaga med metodane me brukte i denne studien, seier Kate McQueen.

I ein oppfølgingsstudie som no er til vurdering, har forskarane finkjemma data frå forsøket for å undersøkja om det er andre, mindre endringar i torsken si åtferd på gytestaden.

I ein annan del av SpawnSeis-prosjektet har forskarane utført forsøk med gytetorsk i garnmerdar. Torsken i merden vart utsett for lyd frå ein liten luftpistol. Så blei egga deira samla inn og undersøkte.

– Desse forsøka vil gi informasjon om seismikken påverkar kor vellykka gytinga er når det gjeld befrukting og fosterutvikling, seier prosjektleiar Lise Doksæter Sivle.

Forsøk med ny teknologi

I gytesesongen tidlegare i år gjorde forskarane nye forsøk i gyteområdet i Bakkasund, men då med ein marin vibrator i staden for luftkanon. Dette er ein ny teknologi utvikla av seismikkindustrien. Vibratoren gir frå seg ein langvarig, lågfrekvent dur heller enn korte smell.

– Med desse forsøka kan me samanlikna responsen til torsk på desse ulike typane lydkjelder, seier Kate McQueen.

Forskarane slår fast at studiane hjelper oss til å forstå korleis menneskeskapt støy påverkar livet i havet.

– Vellykka gyting er avgjerande for å halda oppe fiskebestandar, så det er særleg viktig å forstå korleis menneskelege aktivitetar påverkar fisk i gyteperioden, seier McQueen.

Referanse

McQueen, Kate, Justin J. Meager, Daniel Nyqvist, Jon Egil Skjæraasen, Esben Moland Olsen, Ørjan Karlsen, Petter H Kvadsheim, Nils Olav Handegard, Tonje Nesse Forland og Lise Doksæter Sivle. «Spawning Atlantic cod (Gadus morhua L.) exposed to noise from seismic airguns do not abandon their spawning site». ICES Journal of Marine Science (2022). Lenke: doi.org/10.1093/icesjms/fsac203